Fleire kvinner deltek i Næringsteft
Årets gründerkonkurranse er i gong.
Tysdag møttest for første gong deltakarane i årets Næringsteft. I år er det 50 påmeldte – ein liten nedgang frå i fjor, etter at det er sett ei avgrensing på kven som kan delta.
Prosjektleiar Linda Rafteseth Grimstad er likevel godt nøgd med bredda i gründerbedriftene som har meldt seg på. I år har dei også den største kvinneandelen mellom deltakarane sidan starten.
- 44 prosent av dei påmelde teama har med kvinner og 26 prosent er reine kvinnelag, fortel Grimstad til NETT NO.
NETT NO omtala nyleg korleis langt fleire menn enn kvinner drøymer om å bli gründere - og at menn startar langt fleire selskap enn kvinner.
Kan vinne éin million kroner
Næringsteft er både eit opplæringsarrangement og ein konkurranse mellom gründerer og idemakarar.
Tysdag var det klart for kick-off med ei rekke foredragshaldarar på scena som på ulike vis gav deltakarane tips og råd for gründerreisen. Dei førre vinnarane i Motivic Labs var mellom dei første til å presentere seg. Ålesund-selskapet har laga ei læringsplattform som dei vann éin million kroner for under vårens finale.
Også i år er det éin million kroner i potten til dei som går heilt til topps. Det er også pengepremiar å vinne undervegs til dei som endar i semifinalen og finalen.
Les også
Flest i kultur og varehandel
Kultur, varehandel og fornybar energi er bransjene flest av deltakarane sjølv har opplyst at dei tilhøyrer.
På dei påfølgjande plassane kjem tenester til helse- og sosialsektoren, og maritim industri. Også undervisning, jordbruk, fiskeri og akvakultur, er representert.
Gjennom fleire samlingar får deltakarane lære om gründerreisen. Dei siste åra har dei også fått meir omfattande kursing i det å opprette og drive eit selskap enn tidlegare.
Akseleratorprogrammet skjer i regi av Sparebanken Møre i samarbeid med fleire andre aktører frå næringslivet i regionen.
Publisert: 08.11.2022 12:49
Sist oppdatert: 08.11.2022 20:12