Geiranger Camping foto Ogne
FÆRRE BUBILAR: Geiranger Camping fekk ikkje dei viktige tyske bubilturistane på besøk før i ettersesongen i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nordmenn var ikkje nok

Nedtur i korona-året for Geiranger Camping.

26.05.2021

Tyske bubil-turistar er Geiranger Camping sine viktigaste gjestar både tidleg og seint i sesongen, og gir eit ekstara trykk også i høgsesongen. I fjor vår fekk dei ikkje kome på grunn av koronarestriksjonar. Det vises att i tala til Geiranger Camping.

Først ut på ettersommaren i fjor vart grensen opna for utanlandske bubilturistar men det var for seint til å unngå inntektsfall. Driftsinntektene fall frå 5,3 millionar kroner i 2019 til 4,4 millionar kroner i 2020 (sjå tabell under).

Geiranger Camping as
Tal i mill. kroner20202021
Driftsinntekter4,45,3
Driftsresultat0,30,8
Resultat før skatt0,30,8

Som i fjor
Frank Maråk eig campingbedrifta 50/50 saman med Synnøve Maråk.

Han seier selskapet ventar at 2021 blir omlag som 2020, og håpar det blir opna for utanlandske turistar igjen på ettersommaren.

Meir helgetrafikk
Vegen frå Geiranger og austover mot Austlandet er opna tidlegare i mai. I fjor var det så mykje snø i fjellet at vegen først vart opna i juni.

Maråk seier opninga har gitt litt meir helgetrafikk enn i fjor.

Publisert: 26.05.2021 16:12

Sist oppdatert: 26.05.2021 16:19

Mer om