Geirangerfjorden feriesenter foto 11
GRANDE: Campingplassen Geirangerfjorden Feriesenter på Grande leiger også ut hytter. Foto: Geirangerfjorden Feriesenter
Nytt

Feriesenter gjekk i pluss på drifta

Koronaåret enda likevel med dei lågaste inntektene på fem år på Grande i Geirangerfjorden.

Marius Rosbach
19.03.2021

Ei omsetning på drygt fire millionar er dei lågaste inntektene Geirangerfjorden Feriesenter har hatt sidan 2015.

Likevel enda koronaåret opp med eit rekneskap om lag i balanse.

Eit driftsresultat på marginale 12.000 kroner og eit resultat før skatt på 19.000 kroner, er betre enn året i forvegen (sjå tabell under).

Finn Magne Grande eig selskapet som blei stifta 2012, men det har vore campingplass på Grande i fleire generasjonar. Gardsdrifta blei lagt ned på 1970-talet og dagens eigar tok over i 1999.

Geirangerfjorden Feriesenter AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 4,03 5,38
Driftsresultat 0,01 -0,15
Res. før skatt -0,02 -0,18

Til vanleg er det utlendingar som utgjer hovudtyngda av gjestane. Kring 80 prosent av inntektene kjem frå denne marknaden i ein vanleg sommar.

I 2020 blei det langt fleire norske gjestar og då NETT NO snakka med Finn Magne Grande i fjor sommar var han uroa for om dei ville klare å fylle opp plassen, som på det tidspunktet framleis hadde mange bookingar frå utanlandske gjestar.

Selskapet tok i løpet av året opp lån på to millionar kroner. Eigenkapitalen ved utløpet av året var på nær 1,9 millionar.

Feriesenteret sysselsette fire årsverk i 2020.

Publisert: 19.03.2021 08:52

Sist oppdatert: 26.05.2021 12:23

Mer om