Her blir det plass til fleire campingturistar
Utvidar i Loen etter rekordinntekter og fleirdobla overskot.
Lo-Vik Camping la bak seg eit rekordår på alle vis i 2020, ifølgje rekneskapen som er levert til Brønnøysundregistera.
Inntektene steig med nær 50 prosent og overskotet blei meir enn tredobla samanlikna med året før (sjå tabell under).
EIgenkapitalen i selskapet har auka jamnt og trutt, og var ved utgangen av fjoråret på nær seks millionar. Gjelda var om kring halvparten, viser rekneskapane for dei siste åra.
Har utvida
Etter den store turisttrafikken i koronaåret, er dagleg leiar Kjell Loen ved Lo-Vik Camping optimistisk framfor turistsesongen.
– Eg håper sesongen blir like god som i fjor, seier han til NRK.
Han har difor utvida med 30 nye plassar til bubilar og campingvogner.
Lo-Vik Camping AS | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 4,4 | 3 |
Driftsresultat | 1,9 | 0,6 |
Res. før skatt | 1,8 | 0,5 |
Reiselivsbransjen ventar at mange nordmenn vil feriere i eige heimland òg i sommar.
Salet av brukte bubilar gjekk opp med nesten 20 prosent i fjor, og salet av brukte campingvogner gjekk opp med 7,5 prosent, ifølgje Opplysningsrådet for Veitrafikken.
Vidar Sunde i Nordfjord Caravan seier til NRK at salet av bubilar nesten er dobla så langt i år, samanlikna med same tid i fjor.
For bubil- og campingvognaktøren Ferda, er salet så langt i år 40 prosent høgre enn på same tid i fjor. No er det ei utfordring for bransjen å skaffe nok bilar til dei som ønsker å teste campinglivet.
E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.
Publisert: 29.03.2021 15:01
Sist oppdatert: 26.05.2021 09:13