Tysdag ligg heile fire offshoreskip til kai ved Green Yard Kleven som i si tid blei bestilt av reiarlag på Sunnmøre.
Tre av dei er tidlegare Rem Offshore-skip og eitt har segla i flåten til Island Offshore.
Salsleiar Karl Johan Barstad ved Green Yard Kleven kunne måndag ikkje fortelje stort om kva som skal skje med skipa, utover at skipet med namnet Patriot blei levert frå verftet tidlegare i år, og no er inne til vedlikehald.
Kan ikkje stadfeste nytt oppdrag
Det 74 meter lange skipet gjekk tidlegare under namnet Island Spirit og blei levert til Island Offshore i 2006. Ulstein-reiarlaget selde Island Spirit i 2020, og skipet segla seinare under namnet Hydro Patriot.
No er skipet eigd av selskapet Katapultstart 20 As med adresse i Ålesund.
Salsleiaren ved verftet fortel at han ikkje kan seie kva som skal skje med dei tre andre skipa som låg til kai måndag.
Etter det Nett No kjenner til, vil verftet i løpet av kort tid kome med melding om minst eitt nytt oppdrag.
Har vore i flåten til Oslo-selskap
To av skipa, Geoquip Silvretta og Normand Titan, har kome til verftet i løpet av dei siste dagane.
Geoquip Silvretta blei bygd ved Kleven-verftet for Rem Offshore og levert i 2006. Då heitte skipet Rem Fortune.
Seinare har skipet både vore del av flåten til Solstad-reiarlaget som Normand Corona og seinare hatt namnet Atlantica Provider tilhøyrande det Oslo-baserte Atlantica Shipping.
Skipet er registrert under kypriotisk flagg og Atlantica Provider As framleis oppført som eigar i det internasjonale skipsregisteret.
Levert frå Kleven i 2007
Normand Titan er det andre skipet til kai som er bygd ved Kleven-verftet. Rem Offshore tok over skipet med namnet Rem Balder i 2007.
Seinare blei fartøyet teke over av Solstad-reiarlaget, og etter 2018 har offshoreskipet vore fleire år i opplag.
Skipet var nok eit fartøy i rekka med UT-designet, som blei skapt av Sigmund Borgundvåg på 1970-talet.
Eigd av Ålesund-selskap
Plattformforsyningsskipet som nå har namnet Provider – blei bygd som Rem Provider ved Simek og levert til Rem Offshore i 2007. Det 73 meter lange skipet har også det klassiske UT-designet
Sea Ship Invest med adresse i Ålesund er eigar av skipet, ifølgje det internasjonale skipsregisteret.
Nett No fekk måndag ikkje kontakt med nokon frå selskapet.
Publisert: 17.12.2024 09:29
Sist oppdatert: 17.12.2024 09:05