Flytrafikken dobla seg på Vigra
Passasjertala for oktober viser at utlandstrafikken dreg opp.
Onsdag slapp Avinor trafikktala for oktober, som har vore den første månaden der mange har hatt sjansen til å reise utanlands etter at reiserestriksjonane blei oppheva.
Tala viser at trafikken over Vigra lufthamn Ålesund dobla seg, samanlikna med same månad i fjor. Ved utgangen av oktober hadde 76.872 passasjerer reist over flyplassen.
– Størst vekst har utlandstrafikken med auke på 239 prosent. Rutene til Amsterdam, Gdansk, Kaunas og Alicante, saman med charteravgangane til Gran Canaria, opplyser lufthamnsjef Tor Hånde i ein e-post.
Framleis nær 30 prosent under 2019
Så langt i 2021 ligg passasjertala på Vigra likevel 6,5 prosent bak fjoråret på same tid med drygt 375.000 reisande, viser oversikta frå Avinor.
– Sjølv om passasjertala har auka kraftig for kvar månad som har gått samanlikna med fjoråret, er det fortsatt eit stykke opp til rekordåret 2019. I oktober var passasjertalet 28 prosent lågare enn same månad i 2019, men forskjellen til 2019 har minka for kver månad, fortel Hånde.
Opp i Ørsta og Sandane
Fleire enn 9200 passasjerar reiste via Hovden lufthamn i Ørsta, ei auke på 78 prosent frå oktober i fjor. Flyplassen har hatt ei auke i passasjertalet på drygt 12 prosent samanlikna med dei ti første månadene i fjor.
Sandane hadde ei auke på drygt 44 prosent, og ei auke på meir enn 17 prosent samanlikna med fjoråret.
Ned i Molde
78 prosent fleire reiste via Molde Årø i oktober samanlikna med same månad i fjor. Moldensarane har hatt ti prosent færre passasjar i år, samanlikna med i fjor.
Det samla passasjertalet for flytrafikken i Norge i 2021, er framleis meir enn 60 prosent lågare enn i 2019, som var det siste året som ikkje var påverka av koronapandemien.
Publisert: 10.11.2021 13:01
Sist oppdatert: 10.11.2021 13:12