Vigra foto ogne øyehaug
VIGRA: Avstanden mellom radaranlegg på Ålesund lufthamn Vigra og turbinar på Haram vindkraftverk er på 11,3 km. Forsvarets forskingsinstitutt tilrår klare sikkerheitssoner rundt radarstasjonar, helst på 30 km. No ber Arne Nævra (SV) samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) om å ta grep. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Er kritisk til avstanden frå Vigra til vindkraftverk

Stortingspolitikar krev svar frå samferdsleministeren om flysikkerheita kring det nye anlegget på Haramsøya.

NPK
22.09.2021

(NPK): Både flygeleiar, radarekspert og pilotar set store spørsmålsteikn ved vurderinga av Haramsøya vindkraftverk i eit flysikkerheitsperspektiv for Vigra flyplass, skriv Arne Nævra (SV) i eit spørsmål til samferdselsministeren.

Nævra krev svar om flytryggleiken i samband med vindkraftverket.

I eit skriftleg spørsmål til samferdselsminister Knut Arild Hareide, peikar Arne Nævra (SV) på at Forsvarets forskingsinstitutt tilrår klare sikkerheitssoner rundt radarstasjonar, helst på 30 kilometer.

Ber Hareide ta grep
Eurocontrols retningslinjer av 2014 krev ei detaljert vurdering når avstanden er mindre enn 16 kilometer. Eurocontrol er ein sivilmilitær internasjonal organisasjon som arbeider for å fremje tryggleiken i europeisk luftfart.

I den samanhengen spør Nævra om flysikkerheita rundt vindkraftverket på Haramsfjellet, der avstanden mellom radaranlegg og turbinar er på 11,3 km.

Det er ikkje gjort ei detaljert vurdering, slik Eurocontrol krev når avstanden er under 16 kilometer. Nævra ber ministeren ta grep for «faglig holdbare sikkerhetsvurderinger i saken».

Anlegg har vorte stoppa
SV-politikaren skriv at fleire vindkraftanlegg rundt Ørlandet og på Vardafjell har vorte stoppa med bakgrunn i tilrådingane frå Forsvarets forskingsinstitutt, men at desse ikkje er brukt når det gjeld Haram vindkraftverk.

Nævra viser til at ekspertise innan luftfartssikkerheit, både flygeleiar, radarekspert og pilotar har sett spørsmålsteikn ved vurderinga av flytryggleiken i dette prosjektet.

Luftfartstilsynet har i eit svarbrev medgitt å ikkje ha følgt anbefalingane frå Eurocontrol, men skriv at dette ikkje er lovfesta og difor ikkje kan reknast for å vere ein saksbehandlingsfeil.

– Dette er useriøst og enkelte meiner det kan ende med ulykker utanfor Gamlemsveten radar, skriv Nævra.

Svaret frå samferdselsministeren var onsdag ikkje kome.

(©NPK)

Publisert: 22.09.2021 12:09

Sist oppdatert: 22.09.2021 12:30

Mer om