- Vi følgjer med dagleg. Det er seks land som åleine er store nok til at grensa vert passert slik at FN-konvensjonen vert gjeldande. Dette er land som Singapore, Panama og Japan, seier salssjef Børge Gjelseth i Herøy-selskapet MMC Green Technology.
- Dei fleste er i Norge, men vi har også seld åtte i Singapore og fire i andre deler av Europa enn Norge. Dei fleste har vorte leverte til nye offshorefartøy, seier Håvard Gjelseth.
Første kontraktane vart inngått før sertifiseringa for produktet var på plass i desember i fjor.
- Ja, både Sanco Shipping i Gjerdsvika og Havyard i Leirvik skreiv avtalar med oss.
- Vi ser at på dei fleste nybygg vert det no anten installert reinsesystem for ballast, eller det vert sett av plass til det.
Det var FN sin skipsfartsorganisasjon IMO som i 2004 vedtok ein global konvensjon om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip. I 2006 ratifiserte Norge avtalen, og i dag er det totalt 38 land som har gjort det same. Men konvensjonen vert ikkje gjort gjeldande før 30 statar med minst 35% av verdas tonnasje har skrive under.
- Men no ser det ut til at Singapore ikkje vil gjere det åleine, men vil ha med seg andre statar, slik at dei ikkje sit att med «skulda» for konvensjonen.
Konvensjonen skal hindre at organismar vert spreidde mellom verdshava gjennom utslepp av ballastvatn. Slik skal ein unngå at ballastvatn som til dømes er pumpa inn i det indiske havet vert sleppt ut igjen i Europa eller Nord-Amerika, med skadeleg spreiing av organismer.
- Dette er eit svært viktig miljøtiltak, og i praksis gjeld det alle skip som har ballasttankar, seier Terje Gjelseth. Det var han som først tok initiativet til å utvikle det nye reinsesystemet, og starta ein langvarig prosess for å få produktet sertifisert.
- Etter kvart trengde eg meir kompetanse, og leitte etter dei beste folka. Det var heilt tilfeldig at eg fann dei i min næraste familie, seier han.
Brørne Håvard og Børge Gjelseth hadde sjølve jobba saman i mange år i Odim-konsernet, begge innanfor leiande stillingar.
- Vi hadde pendla saman frå Herøy til Hjørungavåg i mange år, og snakka om at det hadde vore veldig kjekt å gjere noko saman. Vi sa ja med ein gong då onkel Terje spurde oss om å vere med i MMC Green Technology.
- Vi tek steg for steg, og vil utvide med fleire tilsette så fort det er behov for det.
Behovet kan kome fort, ettersom det er rundt 57.000 skip på verdsbasis som ved ratifisering av konvensjonen må installere reinseanlegg for ballastvatnet. I tillegg kjem alle nybygg.
Håvard Gjelseth seier at ein med smått og stort reknar med å ha rundt 33 konkurrentar internasjonalt.
- Akkurat no konkurrerer alle om den same marknaden, som er nybyggmarknaden. Samstundes prøvar alle å posisjonere seg mot det store rushet som kjem om alle båtar må installere slikt utstyr.
Sjølv seier han at MMC Green Technology er klare til å ta imot store ordrar.
- Ja, det skal vi klare.
- Vi meiner at vi har det beste og mest kompakte systemet, der våre anlegg kan reinse frå 80 til 1200 kubikkmeter ballastvatn i timen. Ein vanleg PSV-båt brukar frå 150 til 300 kubikkmeter i timen, slik at vi har anlegg som passar dei fleste båttypar.
Han har også tru på at løysinga med UV (ultrafiolett stråling) og filter er den beste.
- Vi tillet ikkje aktive stoff eller kjemikaliar i vår løysing.
- Vi har sjekka om det er billegare å produsere reinseanlegga i Asia, men prisskilnaden er eigentleg liten. Vi ønskjer derfor å satse vidare lokalt, og her har vi også kontroll på alle deler av prosessen.
Dei har i det siste satsa stort på deltaking ved ulike messer. Først ute var Norshipping i Lillestrøm, der selskapet etterpå skreiv kontaktar med selskap som Fiskerstrand Verft, Bergen Group Fosen og Havyard..
Stor interesse var det også ved Europort i Holland, samt den store maritime messa Marintec China i desember i Shanghai.
- Vi trur at 2014 vert det store gjennombrotet for selskapet, men mykje er avhengig av at FN-konvensjonen vert ratifisert.
- Når den er på plass, er vi klare for å ta det store spranget.
31 kontraktar
Saman med broren Håvard, som er dagleg leiar, og onkelen Terje, som er teknisk sjef, har dei sidan 2010 posisjonert seg i marknaden med sitt eigenutvikla system for reinsing av ballastvatn, eit system som no er seld til 31 skip, mest nybygg, men og til eksisterande flåte.- Dei fleste er i Norge, men vi har også seld åtte i Singapore og fire i andre deler av Europa enn Norge. Dei fleste har vorte leverte til nye offshorefartøy, seier Håvard Gjelseth.
Første kontraktane vart inngått før sertifiseringa for produktet var på plass i desember i fjor.
- Ja, både Sanco Shipping i Gjerdsvika og Havyard i Leirvik skreiv avtalar med oss.
Bur seg på konvensjon
Håvard Gjelseth seier at dei aller fleste reiarar førebur seg no på at FN-konvensjonen vert ratifisert.- Vi ser at på dei fleste nybygg vert det no anten installert reinsesystem for ballast, eller det vert sett av plass til det.
Det var FN sin skipsfartsorganisasjon IMO som i 2004 vedtok ein global konvensjon om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip. I 2006 ratifiserte Norge avtalen, og i dag er det totalt 38 land som har gjort det same. Men konvensjonen vert ikkje gjort gjeldande før 30 statar med minst 35% av verdas tonnasje har skrive under.
Singapore vil ha følgje
Børge Gjelseth seier at ein lenge trudde at Singapore ville sikre at ein oversteig grensa på 35 prosent.- Men no ser det ut til at Singapore ikkje vil gjere det åleine, men vil ha med seg andre statar, slik at dei ikkje sit att med «skulda» for konvensjonen.
Konvensjonen skal hindre at organismar vert spreidde mellom verdshava gjennom utslepp av ballastvatn. Slik skal ein unngå at ballastvatn som til dømes er pumpa inn i det indiske havet vert sleppt ut igjen i Europa eller Nord-Amerika, med skadeleg spreiing av organismer.
- Dette er eit svært viktig miljøtiltak, og i praksis gjeld det alle skip som har ballasttankar, seier Terje Gjelseth. Det var han som først tok initiativet til å utvikle det nye reinsesystemet, og starta ein langvarig prosess for å få produktet sertifisert.
Fann dei beste i familien
Han har lang erfaring frå offshore, men i 2010 slutta han som maskinsjef på Olympic-skipet «Olympic Intervention IV», for å satse på reinsing av ballastvatn.- Etter kvart trengde eg meir kompetanse, og leitte etter dei beste folka. Det var heilt tilfeldig at eg fann dei i min næraste familie, seier han.
Brørne Håvard og Børge Gjelseth hadde sjølve jobba saman i mange år i Odim-konsernet, begge innanfor leiande stillingar.
- Vi hadde pendla saman frå Herøy til Hjørungavåg i mange år, og snakka om at det hadde vore veldig kjekt å gjere noko saman. Vi sa ja med ein gong då onkel Terje spurde oss om å vere med i MMC Green Technology.
Kjøper tenester frå morkonsernet
Saman eig dei tre vel 22 % av selskapet, medan morselskapet MMC eig resten. Dei står sjølve for teknisk utvikling, dagleg leiing og sal, men kjøper inn resten av tenestene frå morkonsernet. Det gjeld alt frå økonomi og IT, til produksjon og montering av reinseanlegga.- Vi tek steg for steg, og vil utvide med fleire tilsette så fort det er behov for det.
Behovet kan kome fort, ettersom det er rundt 57.000 skip på verdsbasis som ved ratifisering av konvensjonen må installere reinseanlegg for ballastvatnet. I tillegg kjem alle nybygg.
Konkurrentar
Med eit så stort marknadspotensiale, er det også fleire konkurrentar. Ein av dei er norske Optimarin i Sandnes, som nyleg vart kåra til ei av dei raskast veksande bedriftene i Europa.Håvard Gjelseth seier at ein med smått og stort reknar med å ha rundt 33 konkurrentar internasjonalt.
- Akkurat no konkurrerer alle om den same marknaden, som er nybyggmarknaden. Samstundes prøvar alle å posisjonere seg mot det store rushet som kjem om alle båtar må installere slikt utstyr.
Sjølv seier han at MMC Green Technology er klare til å ta imot store ordrar.
- Ja, det skal vi klare.
Kompakt løysing
Terje Gjelseth seier at han ikkje er så redd for den store konkurransen.- Vi meiner at vi har det beste og mest kompakte systemet, der våre anlegg kan reinse frå 80 til 1200 kubikkmeter ballastvatn i timen. Ein vanleg PSV-båt brukar frå 150 til 300 kubikkmeter i timen, slik at vi har anlegg som passar dei fleste båttypar.
Han har også tru på at løysinga med UV (ultrafiolett stråling) og filter er den beste.
- Vi tillet ikkje aktive stoff eller kjemikaliar i vår løysing.
Vert i Herøy
Selskapet har ingen planar om å flytte produksjonen frå Herøy.- Vi har sjekka om det er billegare å produsere reinseanlegga i Asia, men prisskilnaden er eigentleg liten. Vi ønskjer derfor å satse vidare lokalt, og her har vi også kontroll på alle deler av prosessen.
Dei har i det siste satsa stort på deltaking ved ulike messer. Først ute var Norshipping i Lillestrøm, der selskapet etterpå skreiv kontaktar med selskap som Fiskerstrand Verft, Bergen Group Fosen og Havyard..
Stor interesse var det også ved Europort i Holland, samt den store maritime messa Marintec China i desember i Shanghai.
Gjennombrot i 2014
Dei vedgår at det ser lyst ut for framtida.- Vi trur at 2014 vert det store gjennombrotet for selskapet, men mykje er avhengig av at FN-konvensjonen vert ratifisert.
- Når den er på plass, er vi klare for å ta det store spranget.
Vi har sjekka om det er billegare å produsere reinseanlegga i Asia, men prisskilnaden er eigentleg liten
Publisert: 18.12.2013 06:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30