NTB 9 R3 ULNJK3o
NEDTAPPA: Låg vasstand i Blåsjø – det største kraftmagasinet i Noreg som skal lagre vatn for fleire år. Anlegget består av fleire dammar, demninga på biletet ligg i Førreskardammen. Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK
Nytt

- For mykje kraft produsert i fjor

Regjeringa ønskjer mekanismar for å sikre fyllingsgrada og redusere straumeksporten.

07.10.2022

Regjeringa synest det vart produsert for mykje vasskraft i fjor.

I statsbudsjettet heiter det dette: «Regjeringa vil innføre ein styringsmekanisme som skal sikre at meir vatn vert spart i magasina ved låge magasinnivå og at eksporten i slike tilfelle blir avgrensa».

Strengare regulering
Olje- og energidepartementet har jobba med ei vurdering av kraftsituasjonen, og har henta inn fem eksterne rapportar. Vurderinga har ifølgje departementet avdekt at kraftsystemet har svakheiter, melder Europower.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) seier det er behov for ytterlegare reguleringar av vasskraftprodusentane.

– Ein slik styringsmekanisme må til for å sikre forsyningstryggleiken.

Tappa ned fleirårsmagasin
I forklaringa til regjeringa kjem det fram at for høg vasskraftproduksjon hausten 2021 er ei viktig årsak til dagens situasjon. I store delar av tida vart all tilgjengeleg kapasitet på utanlandskablane brukt til eksport av straum, skreiv NVE i kvartalsrapporten sin.

– Å tappe ned fleirårsmagasin på bakgrunn av høge prisar kan vere med på å øydeleggje kvaliteten på vasskrafta, med tanke på forsyningstryggleiken. Dei store magasina veg opp for endringar i vêret, seier Aasland.

Korleis den påtenkte styringsmekanismen skal fungere er ikkje avklart.

Publisert: 07.10.2022 13:40

Sist oppdatert: 07.10.2022 16:16

Mer om