Ulstein verft røravdeling industri 11
VIL HA ALTERNATIV: Venstre i Møre og Romsdal vil at arbeidslivet kan vere eit alternativ for unge som ikkje fullfører vidaregåande skule. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Foreslår arbeid for skuletrøytte 16-åringar

Møre og Romsdal Venstre vil gå nye vegar for å hindre at unge fell utanfor. Og langar ut mot lakseskatten.

Marius Rosbach
21.11.2022

Under nominasjonsmøtet i helga vedtok Møre og Romsdal Venstre ein uttale der dei tek til orde for at 16-åringar bør ha mulegheita til å gå rett i arbeid etter ungdomsskulen.

Fylkeslaget viser til at 1 av 10 elevar ikkje fullfører vidaregåande og meiner mange av desse i staden kan ha nytte av praktisk arbeidserfaring.

Mnge unge ha det betre i jobb
Då må dei ha eit reelt val, blir det påpåpeika.

- I dag er det eit tydeleg krav at alle skal gå rett over i vidaregåande, sjølv om mange ungdomar kanskje får det betre ved å gå direkte ut i arbeid. Vi ber difor om at ein ser på løysingar i tett samarbeid med næringslivet, og gir elevtilskot tilsvarande det ein i dag har i lærlingtilskot, heiter det i uttalen.

Partiet meiner mellom anna det bør vere muleg å gjere noko med dei strenge krava i arbeidslivet, der HMS-styring kan hindre arbeidsgjevarar frå å ha så unge ungdomar i arbeid.

Lakseskatten ei «uakseptabel omfordeling»
Fylkeslaget vedtok óg ei uttale mot regjeringa sitt forslag til lakseskatt for oppdrettsnæringa som dei meiner er næringsfiendtleg og distriktsfiendtleg.

Partiet meiner dette er ei uakseptabel omfordeling, på bekostning av dei lokalsamfunna som står for verdiskapinga – og at oppdrettsbransjen bør betale skatt på lik linje med andre næringar.

- Å finne løysingar saman gir fleire gode svar. Regjeringa si totale overrumpling av både næringa og kommunane er svært uheldig, heiter det i uttalen.

Publisert: 21.11.2022 10:36

Sist oppdatert: 18.01.2023 11:13

Mer om