Trygve Slagsvold Vedum foto Ogne 11
FIRAR IKKJE: Trass store protestar og permitteringar står finansminister Trygve Slagsvold Vedum fast på at oppdrettsnæringa skal ileggast såkalla grunnrenteskatt frå 1. januar neste år.
Nytt

Set arbeidsplassar på spel med dårleg handverk

Kvifor gjere det enkelt når du kan gjere det innvikla?

20.11.2022

ANALYSE

Hovudpoenget med å innføre såkalla grunnrenteskatt på oppdrettsselskap er å få meir pengar inn i stat- og kommunekasser.

Så langt ser regjeringa ut til å vere blind for at måten den går fram på skaper uro og uvisse. Det er dårleg handverk - som set arbeidsplassar på spel.

NETT NO har tidlegare skrive om at framlegget om skatteauken blir sett på frå ulike perspektiv. Ikkje alle deler regjeringa sitt syn om kva som er best for fellesskapet.

Denne artikkelen handlar om sjølve handteringa av framlegget.

Det starta med korleis skatteauken vart presentert, på ein pressekonferanse veka før statsbudsjettet vart lagt fram. Høyringsfristen er sett til 4. januar 2023, men skatteauken skal gjelde frå 1. januar.

Kva det faktisk blir til er ikkje klart før Stortinget har behandla framlegget i vårsesjonen neste år. Det er ingen liten skatteauke det er snakk om heller, 40 prosent på toppen av den ordinære selskapsskatten på 22 prosent.

(Dei aller minste oppdrettsselskapa skal sleppe det meste av skatteauken - men nettopp fordi dei er små, skaper dei langt mindre ringverknadar enn dei større).

Går det an å bli overraska over at oppdrettsselskap set alle investeringar på vent, inntil dei veit kva som blir den faktiske skattesatsen for 2023?

Statsrådane i Ap/Sp-regjeringa, med embetsverket i Finansdepartementet som rådgjevarar og med finansminister Trygve Slagsvold Vedum i spissen, ser ut til å vere det.

Investeringsstoppen har allereie byrja å merkast på Nordvestlandet, som har mange service- og utstyrsbedrifter i oppdrettsbransjen. Så langt er det ingen teikn til at Slagsvold Vedum vil fire, og utsette skatteauken til 2024, slik Venstre har foreslått.

Ein skatteauke kan dempe investeringsvilje og -evne, men ved å vedta skatteauke i 2023 for 2024, hadde næringa i alle fall visst kva som var rammevilkåra. Då ville det neppe blitt full stopp.

Den andre store innvendinga mot framgangsmåten til regjeringa, gjeld måten skattepliktig overskot skal bereknast på. Også der ser Slagsvold Vedum og statsrådkollegaene ut til å ha blitt tatt på senga av reaksjonane.

Regjeringa hevdar at det heile tida har vore meininga at skatten skal bereknast ut frå reell pris på laksen som vert seld. Dersom dét er rett har regjeringa vore svært dårleg til å få det fram.

Framlegget til regjeringa har vore at overskotet det skal skattast av skal reknast ut frå ein teoretisk laksepris, basert på spotprisen på den finansielle laksebørsen - for den best betalte laksen.

Oppdrettarane risikerer dermed å måtte skatte av eit overskot dei ikkje har fått. Det har tørka inn marknaden for fastprisavtalar - der prisen ofte kan vere langt under spotprisen for den beste laksen.

Lakseforedlingsbedriftene treng slike avtalar med oppdrettsselskapa. Foredlingsbedriftene sel til daglegvaremarknaden der aktørane vil ha fastprisavtalar - for å ha kontroll over kostnadane.

No får lakseforedlingbedriftene ikkje fastprisavtalar, og det er bakgrunnen for dei mange permitteringsvarsla i foredlingsbedriftene.

Fredag denne veka kom regjeringa med ei såkalla oppklaring om lakseskatten. Regjeringa vurderer å etablere eit uavhengig utval som skal fastsette ein normpris på laksen - nærast mogleg i samsvar med reell marknadspris. Normprisen skal vere utgangspunkt for berekning av overskotet det skal skattast av.

Framlegget om eit normprisutval kan ha dempa uvissa og misnøya noko i oppdrettsbransjen. Men det er framleis ikkje ei avklaring. Utvalet er ikkje etablert og retningslinene utvalet skal arbeide etter er heller ikkje klare. Dette er neppe nok til å få oppdretts- og foredlingsbedriftene til på trekkje attende permitteringsvarsla i stor stil med det første.

Ut frå meiningsmålingane ser lakseskatten ikkje ut til å vere ei klar vinnarsak for finansminister og Sp-partileiar Trygve Slagsvold Vedum og statsminister og Ap-partileiar Jonas Gahr Støre. Kanskje tvert i mot. Begge har fått ordførarar frå eigne parti mot seg, ordførarar som har mindre enn eitt år igjen til neste kommune- og fylkestingsval.

At Oslo kan bli den kommunen som får størst overføringar frå den auka lakseskatten gir neppe Ap- og Sp-ordførarar frå Rogaland og nordover hjelp i den komande valkampen.

Fleirtalet i det såkalla havskatteutvalet som dåverande finansminister Siv Jensen (Frp) utnemnde, ville ha ein skatt på oppdrett som liknar på det regjeringa no foreslår, men Stortingsfleirtalet enda med å innføre ei såkalla produksjonsavgift i staden. Den er knytt til kor mykje fisk som blir slakta, og satsen i år er 40,5 øre per kilo.

Produksjonsavgifta skulle vere ei betaling frå oppdrettsnæringa for å kunne bruke areal i fjordane, som er eit felles areal for heile samfunnet, og skulle delvis tilfalle kommunane oppdrettsanlegga låg i.

Så lenge regjeringa vil skattlegge oppdrettsselskap meir, ville den enkle løysinga no vere å auke produksjonsavgifta som allereie er innført.

Det ville gitt meir pengar i kassa. Bedriftene i oppdrettsbransjen ville sikkert protestert - men den ville i det minste vite kva den hadde å halde seg til.

Ulempa er at ein auke i produksjonsavgifta ikkje skaper så mange arbeidsplassar.

For advokatar og byråkratar.

Publisert: 20.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 21.11.2022 00:50

Mer om