Karrieredager ørsta foto ludvik flatin rosbach 3
AVGJERANDE Å FÅ INFORMASJON: Mange unge etterlyser møter med bedrifter og personar som jobbar i lokale bedrifter når dei blir spurt om kva dei saknar ved karriererettleiinga i skulen. Foto: Ludvik Flatin Rosbach
Nytt

Kva tid besøkte ein ungdom din arbeidsplass sist?

Om svaret er «lenge sidan» kan du få nokre tips om korleis fråflytting kan motarbeidast.

Marius Rosbach
16.10.2022

ANALYSE: God karriererettleiing kan få ungdom til å bli i distrikta. Det er eit hovudfunn frå eit forskingsarbeid som har teke for seg korleis ein typisk distriktskommune kan motverke fråflytting.

Utfordringa med ei aldrande befolkning kombinert med sentralisering, vil vere ein av dei store utfordringane for Nordvestlandet i åra som kjem.

Debatten er ikkje ny – og det er ein skjebne regionen delar med andre distriktsregionar. Spørsmålet om korleis ein skal få dei unge til å bli – eller kome tilbake – har vore gjenstand ei rekke undersøkingar.

Likevel er det verdt å lytte til kva Ruralis-forskarane fann ut då dei undersøkte problemstillinga med utgangspunkt i karriererettleiinga i ungdomsskulen og vidaregående i Selbu kommune.

Forskarane påpeiker at det er mykje positivt på plass i trønderkommunen, men at ein med fordel kan forbetre seg på fleire område.

Kort oppsummert kan ein seie at mykje dreiar seg om å starte tidlegare, jobbe meir systematisk og at dei unge kjem seg ut på fleire besøk til bedriftene.

Undersøkinga som var eit samarbeid mellom kommunen, Ruralis (Institutt for rural- og regionalforskning) og NTNU, intervjua både elevar, skuletilsette, utviklingsaktørar og bedrifter.

I kampen for å halde på arbeidskrafta blir god karriererettleiing i skulen framheva som viktig. Her kan bedriftene sjølv bidra ved å gi dei unge kjennskap til kva som eksisterer av moglegheiter på heimstaden.

Det kan skje ved at næringslivet kjem på utdanningsmesser og skulebesøk, men ikkje minst er besøk ute i bedriftene populært mellom dei som svarte i undersøkinga.

Slik kan dei unge kome tett på det fysiske arbeidet som blir gjort – og snakke med personar som har valt dei ulike yrka.

Forskar Maja Farstad i Ruralis påpeiker at første bod er at ungdomane er godt informert om utviklinga i den lokale arbeidsmarknaden.

– Medvit om interessante jobbmoglegheiter lokalt kan styrkje moglegheitene for unge til å innrette seg mot ei vidare framtid på heimstaden. Samtidig er det slik at ungdom som ønskjer å bli buande eller returnere til heimstaden gir utsikter til eit framtidig rekrutteringsgrunnlag for lokale verksemder, seier ho til forskingsstiftinga si eige nettside.

Forskarane kjem mellom anna med følgjande konkrete forslag:

  • Første møte med lokale bedrifter/arbeidsplassar må skje i god tid før valet av vidaregåande studieretning.
  • Samarbeidet mellom skulen og lokale verksemder bør gjerast mindre tilfeldig og meir systematisk og inkluderande.
  • Elevane bør i større grad få moglegheiter til å besøkje bedrifter for å sjå og lære om kva det blir jobba med, i staden for berre å høyre om dei.
  • Elevane bør få møte ungdom som nettopp har gjort eit tilsvarande val. Ein spør etter rollemodellar – ungdom som har realistiske og nylege erfaringar som kan fortelje om dette.
  • Fleire etterlyste også meir merksemd på studespesialiserande og vurdere å opprette «yrkesval» som fag for desse elevane.

Mykje handlar med andre ord om at elevane får kjennskap til kva som eksisterer av moglegheiter på heimstaden.

Slikt blir det allereie jobba med - også på Nordvestlandet. Men ut frå svara til dei unge trønderane er det openbart at det kan gjerast meir.

(lenke til rapporten)

Publisert: 16.10.2022 05:00

Sist oppdatert: 18.01.2023 11:16

Mer om