Hans Peter Koppernæs Kenneth Lande Klokk foto Kristin
FORLIK: Styreleiar og medeigar Hans Peter Koppernæs (t.v) og konsernsjef Kenneth Lande Klokk i Koppernæs-konsernet. Konsernet er eig av fleire medlemer av Koppernæsfamilien. Foto: Kristin Vidhammer
Nytt

Forlik i Koppernæs-strid

Mindretalseigar ville gjere om på omorganiseringar i Koppernæs-konsernet. No er det inngått forlik.

20.04.2022

Partane i forliket er Jens Erik Koppernæs, som eig 17,5 prosent i konsernet, og selskap i Koppernæs-konsernet.

Tvisten har sitt utgangspunkt i fleire interne omorganiseringar - både oppsplitting og samanslåingar - i selskapsstrukturen til Koppernæskonsernet i 2020.

Jens Erik Koppernæs ville ha oppheva nokre av generalforsamlingsvedtaka og argumentererte med at vedtaka måtte vere samrøystes for å vere gyldige. Forliksrådet ville ikkje behandle kravet og tingretten avviste saka med grunngjeving om at søksmålet var levert for seint, men lagmannsretten oppheva kjennelsen frå tingretten.

Den avgjerda vart i sin tur anka av Koppernæs-selskapa.

Avlyst rettssak
No er rettsaka avlyst, etter at partane har inngått eit forlik.

"Jens Erik Koppernæs gjennom Pondus AS og J.E. Koppernæs Invest AS ønsket at deler av reorganiseringen av Koppernæs AS som ble gjennomført i 2020 skulle kjennes ugyldig. Partene har nå inngått forlik utenfor rettssystemet og saken er hevet av Møre og Romsdal Tingrett. Reorganiseringen som ble gjennomført i 2020 står fast og blir ikke endret. Utover dette vil Koppernæs AS ikke uttale seg noe videre om saken.", skriv Koppernæs-konsernet i ein epost.

Konsernsjef Kenneth Lande Klokk viser til eposten, og seier at å gi eventuelle kommentarar om innhaldet i, og konsekvensen av forliket er ei sak for aksjonærane å avgjere.

Vil ut av selskapet
NETT NO har førebels ikkje lukkast å få kontakt med Jens Erik Koppernæs og styreleiar og medeigar Hans Peter Koppernæs.

Jens Erik Koppernæs sa tidlegare i år at han ønskjer å bli kjøpt ut av Koppernæs-konsernet.

Striden rundt omorganiseringa i Koppernæs-konsernet var ein del av prosessen for å få til eit utkjøp, ifølgje Jens Erik Koppernæs.

Familieselskap
Selskapet blei etablert av Hans Peter Koppernæs på 1880-talet.

I dag omfattar Koppernæs-konsernet fiskeindustri, industri-/handelsverksemd og eigedomsinvesteringar. I 2020 hadde konsernet 3,6 milliardar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 139 millionar.

Namnet på grunnleggaren har gått i arv, og i dag er femte generasjon Hans Peter Koppernæs styreleiar - og medeigar med 17,8 prosent.

Jens Erik Koppernæs er onkel til Hans Peter Koppernæs.

Dei to andre store aksjonærane er Astrid Koppernæs 34,4 prosent og Elisabeth S. Koppernæs/Hans Peter Koppernæs (senior) med 17,8 prosent.


Publisert: 20.04.2022 15:23

Sist oppdatert: 20.04.2022 15:24