Henning Veibust ombord på Havskjer foto Ogne
KONFIDENSIELT: Henning Veibust betalt 90 millionar kroner for 40 prosent i Fiskebas Holding. Kva majoriteteigarane betalar han for å overta aksjane vil partane ikkje opplyse. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Forlik i millionstrid

Henning Veibust og Florø-reiarlag samde om pris på minoritetspost i selskapet.

20.02.2024

Utgangspunktet for saka er at Henning Veibust sitt heileigde fiskebåtreiarlag, Veibust Fiskebåtreiarlag i Ålesund, kjøpte 40 prosent av aksjane i Fiskebas Holding i Florø, som eig fiskebåtreiarlaget Fiskebas.

Fiskebas eig og driv ringnotbåten med same namn.

Kjøpet vart gjennomført 13. desember 2022 og prisen var 90 millionar kroner. Seljarane var Heidi Susanne M. Bendiksen, Trone Henny M. Nedreberg og Janka Helene Nedreberg. Ingen av dei var aktive i drifta av reiarlaget.

Majoritetseigarane; Siv Madsen, Ole Morten Madsen, Kåre S. Madsen, Geir M. Madsen og Harald Standal Madsen - gjennom selskapet H Madsen - hadde ein forkjøpsrett. Den forkjøpsretten valde dei å bruke. Samtidig kravde dei skjøn for å avgjere kor mykje Veibust skulle få for sin aksjepost på 40 prosent.

110 millionar kroner
Tingretten kom til at Veibust Fiskebåtreiarlag skulle få 110 millionar kroner for aksjeposten, 20 millionar kroner meir enn Veibust betalte.

Det meinte majoritetseigarane var for dyrt, og kravde overskjøn. Saka skulle opp i langmannsretten i neste veke, men før den kom dit inngjekk partane forlik.

Ingen av partane vil opplyse kva forliket går ut på.

Før det i mars i 2023 vart reist krav om rettsleg skjøn for å fastsette verdien av av aksjane, baud majoritetseigarane Veibust 30 millionar kroner for posten.

Baud 19 millionar
Før salet til Veibust, hadde minoritet- og majoritetseigarane i Fiskebas Holding ikkje lukkast i å bli samde om prisen for aksjeposten på 40 prosent.

Majoritetseigarane baud 19 millionar kroner for aksjeposten på 40 prosent i august 2021.

I april 2022 kom eit nytt bod, på 60 millionar kroner. Også det vart avslått og mindretalseigarane gjekk ut i marknaden for å finne nokon som ville betale meir.

Publisert: 20.02.2024 14:21

Sist oppdatert: 20.02.2024 14:47

Mer om