Satsinga er heilt ny, men Formfin-sjef Vibeke Aanning Aarseth er overtydd om at det er heilt avgjerande å kunne selje møblar på nett.
- Alle ser på det no, seier ho.
Samarbeidet med Jarnes.no er eit pilotprosjekt for å utvikle Formfin si nettsatsing. Aanning Aarseth er oppteken av å spele på lag med lokale bedrifter, og seier ho i framtida ser for seg at fleire selskap frå fleire bransjar i Sykkylven kan samarbeide om netthandel i framtida.
Jarnes.no er ein nettbutikk som spring ut av nettsatsinga til den vesle møbelprodusenten Jarnes Møbler. Lager og distribusjonsenteret ligg i Hundeidvika, nokre hundre meter unna Formfin-fabrikken.
Samarbeidet med Jarnes.no er ikkje første gang Formfin går nye vegar i distribusjonen.
I fjor lanserte Formfin ein utemøbelkolleksjon i samarbeid med Hageland-kjeden. Erfaringa frå pilotprosjektet er så gode at selskapet å utvide satsing, mellom anna med ein større kolleksjon for å kunne ha eigne modellar for andre kanalar enn Hageland-kjeda.
Også Schibsted-eigde Finn.no har lansert nettbutikk med møblar.
- Alle ser på det no, seier ho.
Samarbeidet med Jarnes.no er eit pilotprosjekt for å utvikle Formfin si nettsatsing. Aanning Aarseth er oppteken av å spele på lag med lokale bedrifter, og seier ho i framtida ser for seg at fleire selskap frå fleire bransjar i Sykkylven kan samarbeide om netthandel i framtida.
Jarnes.no er ein nettbutikk som spring ut av nettsatsinga til den vesle møbelprodusenten Jarnes Møbler. Lager og distribusjonsenteret ligg i Hundeidvika, nokre hundre meter unna Formfin-fabrikken.
Vise fram merkevaren
I tillegg til å utforske ein salskanal Aanning Aarseth trur blir viktigare framover, er nettsatsing og ein del av profileringa av merkevaren Formfin.Samarbeidet med Jarnes.no er ikkje første gang Formfin går nye vegar i distribusjonen.
I fjor lanserte Formfin ein utemøbelkolleksjon i samarbeid med Hageland-kjeden. Erfaringa frå pilotprosjektet er så gode at selskapet å utvide satsing, mellom anna med ein større kolleksjon for å kunne ha eigne modellar for andre kanalar enn Hageland-kjeda.
Store endringar
Ikea har nyleg lagt bygging av tre nye norske varehus på is, og varsla at kva som skal byggast på tomta selskapet har sikra seg i Ålesund vil bli vurdert opp mot utviklinga i handlevanane - som er i stor endring.Nettbutikkar satsar på møbel
I fjor gjekk nettbutikken Komplett.no inn som majoritetseigar i SixBondStreet.no, ein nettbutikk som har spesialisert seg på møblar og no jobbar for å få norske møbelprodusentar som leverandørar.Også Schibsted-eigde Finn.no har lansert nettbutikk med møblar.
Publisert: 23.11.2017 14:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16