Vard søviknes april 2020 foto marius
INGEN KANSELLERINGAR: Vard-eigar Fincantieri har ikkje hatt kanselleringa frå cruise-reiarlaga under koronarkrisa. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Forsiktig cruiseoptimisme hos Fincantieri

Held fast på spådomen om kraftig vekst i år, etter koronanedturen i fjor.

13.05.2021

I USA har styresmaktene signalisert at cruisetrafikken kan kome i gang igjen i midten av juli, og i andre deler av marknaden er den forsiktig i gjenge, i følgje pressemeldinga Vard-eigar Fincantieri har sendt ut om resultatet for 1. kvartal 2021.

Cruiseskipsbygging utgjer over halvparten av driftsinntektene til Fincantieri, som i Noreg eig Vardverfta i Brattvåg, Søvika og Tomrefjord. Vard har og verft i Romania, Vietnam og Brasil.

Ventar 25-30 prosent auke i inntektene
At cruiseskipa byrjar å segle att er ein av grunnane til at Fincantieri reknar med 25-30 prosent auke i driftsinntektene i år samanlikna med i fjor.

I Italia er er verfta i full drifta, etter å ha blitt forseinka i fjor. Fincantieri har også unngått at ordrar er blitt kansellert under koronaepidemien, heller ikkje cruiseskipsordrar.

Vard-verfta er delt mellom to ulike forretningsområde. Bygging av cruiseskip høyrer inn under det største, skipsbygging. Resten av verksemda til Vardverfta er plassert i forretningsområdet Offshore og spesialskip.

Den plasseringa gjere det omlag uråd å lese ut av tala i Fincantieri-reknskapen korleis det går med dei norske verfta.

Pluss på offshore og spesialskip
Offshore og spesialskip er ei reindyrka Vard-verksemd, og omfattar kort sagt alt som ikkje er cruiseskip - mellom anna serviceskip til vindkraftanlegg til havs, fiskefarty, og kabelleggarar.

I 1. kvartal 2020 hadde forretningsområdet eit driftsresultat før av- og nedskrivingar på minus million euro, i 1. kvartal 2021 blei det pluss to millionar euro.

Fincantieri (konsern)
1. kvartal. I mill. Euro20212020
Driftsinntekter16481307
Driftsresultat før av- og nedskriving10172

Forretningsområde skipsbygging

1. kvartal. I mill Euro20212020
Driftsinntekter15001133
Driftsresultat før av- og nedskriving10072
Forretningområdet Offshore og spesialskip
1. kvartal. I mill. Euro20212020
Driftsinntekter96126
Driftsresultat før av- og nedskriving2-1

Publisert: 13.05.2021 20:34

Sist oppdatert: 14.05.2021 16:18

Mer om