Forskningsleiar Ingunn Marie Holmen ved Sintef er blant medforfattarne av rapporten «Personulykker i den norske fiskeflåten», som har kartlagt og analysert ulykker blant norske yrkesfiskarar i åra 2000-2022.
Tilsaman 149 yrkesfiskarar omkom i dei årene.
Heile 53 prosent av dei omkomne fiska åleine, altså på mindre fartøy med berre ein person ombord.
– Det å vere åleine er ein ekstra risiko, seier Holmen.
Det å vere åleine er ein ekstra risiko

Færre åleinefiskarar
Ulike tekniske tryggingstiltak er ikkje nok, meiner Holmen. Ho vil ha omorganiseringar som gjer at færre fiskarar driv fiske åleine.
– Det må løne seg å gjere gode tryggleikstiltak også når det gjeld organisering, seier Holmen.
Ho peikar på den såkalla id-ordninga som kan kome på plass frå årsskifte som ei slik organisering. Id-ordninga gjer at eigarane av mindre fiskebåtar kan legge ein båt ved kai, og gå saman med ein annan fiskar og fiske to kvotar på eitt fartøy.
– Id-kvotane er eit gode, seier Holmen.
Opa gruppe bør revurderast
Dei aller minste fiskebåtane, under 11 meter, kan fiske i såkalla opa gruppe. Der er det ikkje noko kvote per båt, men derimot ei felles kvote for heile gruppa.
Holmen ønskjer at det også i opa gruppe blir minst to personar ombord i båtane.
Fiskarane fiskar om kapp, til den samla kvota er fiska opp. Det blir også kalla eit olympisk fiske og bli i stor grad utført av båtar med ein person ombord.
– Mange av dei var i opa gruppe, seier Holmen om andelen omkomne frå båtar i opa gruppe.
Holmen meiner det er bra at formålet med opa gruppe no skal vurderast og meiner ein blant anna bør sjå på fiskarar med jobb på større fiskebåtar som fiskar i opa gruppe på fritida.
2019 vart det andre året utan omkomne yrkesfiskarar.
Førre året utan omkomne yrkesfiskarar var i 2008. Det var første gang.
Den gledelege statistikken for 2008 sprakk alt året etter.
Meir frå årsmøte til Sør-Norges Fiskarlag:
Publisert: 02.11.2024 05:00
Sist oppdatert: 02.11.2024 12:09