Sjølv om ordreinngangen har starta godt i år, forventar styret ein litt strammare marknad i år enn i fjor. Det går fram av årsrekneskapet for Sykkylven-bedrifta.
Møre Trafo produserer og sel fordelingstransformatorar, nettstasjonar og andre produkt til elektriske distribusjonsnett, og hadde i fjor eit rekordår.
No kan eigarane fordele eit utbyte på 18 millionar kroner.
Kundane er i hovudsak nordiske elektrisitetsverk, men også til ein viss grad jernbane og større industribedrifter som har eigen straumforsyning.
Selskapet er marknadsleiar i Norge på transformatorar og nummer to på nettstasjonar. For nettstasjonar hadde ein stor vekst i fjor.
I årsrapporten går det fram at nye EU-direktiv om lavare tap i transformatorstasjonar, har ført til at ein har brukt store ressursar for å designe nye stasjonar.
Sykkylven-selskapet har solid økonomi, med ein eigenkapitalandel på 49,9 prosent og ei langsiktig gjeld på 5,8 millionar kroner.
Selskapet har 132 tilsette.
Møre Trafo er ein del Møre Electric Group, som inkluderer også selskapet KL Industri AB i Finspåg i Sverige.
Bak Møre Electric Group står det franske konsernet Schneider Electric med 34 prosent og familieselskapet Rieve Gruppen med 66 prosent.
Administrerande direktør Tor Rieve Kristiansen er største aksjonær i Rieve Gruppen med 50,16 prosent, medan Jo Rieve Kristiansen og Dag Rieve Kristiansen har 24,92 prosent kvar.
Møre Trafo produserer og sel fordelingstransformatorar, nettstasjonar og andre produkt til elektriske distribusjonsnett, og hadde i fjor eit rekordår.
Rekordår
Omsetninga bikka 321 millionar kroner, og resulatet før skatt vart solide 26,8 millionar kroner. Begge deler er solide rekordar.No kan eigarane fordele eit utbyte på 18 millionar kroner.
Kundane er i hovudsak nordiske elektrisitetsverk, men også til ein viss grad jernbane og større industribedrifter som har eigen straumforsyning.
Vekst for nettstasjonar
Norge er hovudmarknaden med 87 prosent av omsetninga, føre Sverige med 10,6 prosent.Selskapet er marknadsleiar i Norge på transformatorar og nummer to på nettstasjonar. For nettstasjonar hadde ein stor vekst i fjor.
I årsrapporten går det fram at nye EU-direktiv om lavare tap i transformatorstasjonar, har ført til at ein har brukt store ressursar for å designe nye stasjonar.
Høgare pris
Også råvareprisane har vorte høgare på grunn av dette, og noko av omsetningsauken kjem av høgare prising på desse stasjonane.Sykkylven-selskapet har solid økonomi, med ein eigenkapitalandel på 49,9 prosent og ei langsiktig gjeld på 5,8 millionar kroner.
Selskapet har 132 tilsette.
Møre Trafo er ein del Møre Electric Group, som inkluderer også selskapet KL Industri AB i Finspåg i Sverige.
Bak Møre Electric Group står det franske konsernet Schneider Electric med 34 prosent og familieselskapet Rieve Gruppen med 66 prosent.
Administrerande direktør Tor Rieve Kristiansen er største aksjonær i Rieve Gruppen med 50,16 prosent, medan Jo Rieve Kristiansen og Dag Rieve Kristiansen har 24,92 prosent kvar.
Les meir her:
Publisert: 22.06.2016 14:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58