Vestkapp 3 Sporstol Arkitekter
NYTT BYGG: Sporstøl Arkitekter har sikra seg ein rekke prestisjeprosjekt rundt om i regionen dei siste åra. Mellom anna har dei teikna det nye bygget på Vestkapp. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter
Nytt

Arkitektfirma mot nye høgder

Nytt rekordresultat og nye prestisjeoppdrag ga rom for millionutbytte.

Marius Rosbach
18.06.2025

Sporstøl Arkitekter har vekse seg store på arkitekturoppdrag dei siste åra. 

2024 vart eit nytt toppår med ei omsetning på nær 27 millionar kroner, viser rekneskapen som no er offentleg. Det er eit hopp på kring fem millionar frå året før. 

Også overskotet vart rekordhøgt, med eit resultat før skatt på drygt 5,1 millionar kroner (sjå tabell under). Det utgjer ein resultatmargin på nær 20 prosent for arkitektfirmaet som i fjor hadde 16 årsverk i arbeid. 

Resultatet ga rom for eit utbytte på drygt 2,3 millionar kroner – det første ordinære utbytte som er bokført sidan 2018.

Sporstøl Arkitekter AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt26,921,2
Driftsresultat51,8
Resultat før skatt5,11,6

Nytt prestisjeoppdrag på Vestkapp
Sporstøl Arkitekter har sikra seg ei rekke prestisjeoppdrag dei siste åra. Mellom anna har dei teikna Kongsberg Maritime sitt «gjenbruksbygg» som blei teke i bruk i fjor. 

Eit nytt bygg på Vestkapp i Stad er mellom dei siste oppdraga i porteføljen. 

Her har firmaet teikna eit nytt bygg som skal innehalde spisestad, rom for overnatting og uteområde på det spektakulære fjellplatået. Byggherre for prosjektet er Vestkapp Holding.

Vestkapp 2 Sporstol Arkitekter
SERVERING OG OVERNATTING: Vestkapp Holding planlegg å bygge eit nytt bygg på Vestkapp-platået med spisestad og rom for overnatting. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter

Ny sjef tok over i fjor
Sporstøl Arkitekter vart starta i 1991 av Roald Sporstøl som ei familiebedrift, der Roald, Kristian, Arnfinn og Bjørnar Sporstøl har stått for den daglege drifta fram til i fjor.

Då tok Ingvill Arhaug Bovill over som ny dagleg leiar etter Bjørnar Sporstøl.

Som eit ledd i at det vart etablert eige holdingselskap for aksjonærane hausten 2024, er Sportstøl Holding fisjonert inn og sletta. 

Ved utgangen av året var eigarskapen delt i tre eigarpostar melom Arnfinn Sporstøl (Admas Holding), Bjørnar Sporstøl (I2BE Holding) og Kristian Sporstøl (Nertun Holding).

Eigenkapitalen i arkitektselskapet var på 4,8 millionar kroner ved utløpet av året, og selskapet har ikkje langsiktig gjeld. 

Publisert: 18.06.2025 10:56

Sist oppdatert: 18.06.2025 11:04

Mer om