Fostech sikra finansiering
Planlegg lansering til våren.
I fjor var det vinn eller forsvinn for Fostech, som måtte ha ny kapital for å kunne lansere teknologien sin i marknaden.
Det blei vinn. Nye medeigarar og partnarar kom inn, og mai i år et sett som tida for lansering.
- Vi er i den situasjonen vi er for at greie å levere det vi skal levere i 2022, seier hovudaksjonær og Fostech-grunnleggar Håvard Notøy.
Han grunnla selskapet i 2015.
Tre millionar i eigenkapital
Teknologiselskapa North Invent Norway og Ansur Technologies gjekk inn med til saman tre millionar kroner i eigenkapital i fjor, og eig no 20 prosent i selskapet kvar.
Fostech inngjekk også ein såkalla innovasjonskontrakt med Innovasjon Norge, med arbeidstittelen HoloConceptBridge, som gir inntil 2,5 millionar kroner i støtte. Pilotkunden til prosjektet er Rem Offshore.
Den siste brikken i finansieringa er eit lån på 3,5 millionar kroner frå DNB.
Brilleteknologi
Det er den maritime marknaden - reiarlag og utstyrsleveandørar - Fostech satsar på i utgangspunktet, seier Notøy.
Fostech i Fosnavåg har spesialisert seg på Microsoft Hololens og MR-teknologi (mixed reality), der brukarane får fram tredimensjonale bilete og annan informasjon på brilleglaset, samstundes som dei ser omgjevandane rundt seg.
Brillene kan også filme, slik at til dømes folk i kontrollsentralen på land ser det same som operatøren ombord i eit skip eller plattform.
Skjermar og signal
North Invent Norway har spesialisert seg på avanserte skjermar og skjermløysingar, medan Ansur leverer teknologien for å overføre datasignal og bilde mellom operatøren med brillene og kontrollsentralen.
Notøy seier Fostech og har fleire partnarar, både på teknologi- og brukarsida, men vente med å offentlegjere kven det er inntil produktlansering.
Publisert: 24.01.2022 13:33
Sist oppdatert: 07.03.2024 14:04