
Frå milliardskrell til «berre» tresifra millionminus
Havila-konsernet med solid inntektsauke og vann fram i strid med spansk verft.
Rekneskapen for Havila Holding-konsernet til Sævik-familien i Herøy viser at 2023 blei tok eit tapsår.
Samtidig auka konsernet inntektene frå drygt 1,8 milliardar til nær 2,5 milliardar kroner (sjå tabell under).
Etter at 2022 enda med milliardminus, vart tapa redusert til eit underskot før skatt på nær 350 millionar i fjor, viser årsmeldinga.
– Ventar betring framover
I årsmeldinga blir det peika på svingingane i oljerelaterte næringar, der mellom anna Havila Shipping-reiarlaget har si verksemd.
– Fjoråret var prega av valutasvingingar og at Havila Kystruten endeleg fekk sine fire skip i drift. Vi ventar betring framover med stabil drift i alle dotterselskap, seier Vegard Sævik til Nett No i ein kommentar til 2023-rekneskapen.
Havila Holding-konsernet inkluderer óg mellom anna Havila Hotels-selskapa, eigedomsverksemd og skipsutstyrselskap.
Havila Holding (konsern) | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2023 | 2022 | |
Driftsinntekter | 2.492 | 1.847 |
Driftsresultat | 1.332 | 302 |
Res. før skatt | -349 | -1.063 |
Årsresultat | -448 | -1 102 |
Forlik i verftsstrid
I årsmeldinga kjem det også fram at Sævik-familien i stor grad vann fram i striden mot det spanske Barreras-verftet.
Det var inngått eit forlik i juni, som gjer at Havila Holding får utbetalt kring 340 millionar kroner. Vegard Sævik vil ikkje kalle det for ein «full siger».
– Det er ikkje så langt frå kravet i utgangspunktet, men med renter skulle vi hatt meir, seier han.
Krangelen var knytt til kanselleringa av kontraktane for bygging av to skip ved verftet for Havila Kystruten. I årsmeldinga for 2022 vart det opplyst at risikoen hadde auka for at selskapet skulle tape dei kring 450 millionane dei vart tilkjent av ein britisk domstol.
Fjord1-sal og Volstad-kjøp
Til saman var det rundt 1450 tilsette i Havila Holding-selskapa ved utløpet av 2023 – medrekna Fjord1. I dag er konsernet ute av både Fjord1 og The Fjords, etter å ha selt sine eigardelar.
Samtidig har Havila Holding kjøpt ut Volstad-familien frå Volstad Maritime, og blitt eineeigarar i dette reiarlaget.
Per Sævik kommenterte investeringa til Nett No tidlegare i år, og sa det var «ein moglegheit som dukka opp, og alt låg til rette for». Sævik signaliserte samtidig at pengesekken langt frå var tom etter salet av Fjord1-aksjar for fleire milliardar – og at reiseliv gjerne var noko dei investerte meir i.
Havila Shipping-sjef Njål Sævik fortalde nyleg til Nett No at han er optimist på vegner av offshoreflåten - og at etterspurnaden frå vindkraftmarknaden er aukande.
Havila Holding-konsernet sin eigenkapital var ved utløpet av fjoråret på 1,76 milliardar og den langsiktige gjelda var på 12,8 milliardar, viser årsmeldinga for 2023.
Publisert: 19.07.2024 14:33
Sist oppdatert: 19.07.2024 17:06