barreras verft kystruten spania foto Faro de Vigo
TILKJENT ERSTATNING: Sævik-familien vann fram med sine krav etter at det spanske verftet kansellerte bygginga av to skip for Havila Kystruten. Risikoen for at pengane likevel går tapt, har auka siste året. Foto: Faro de Vigo
Nytt

Betydeleg auka risiko for tap i Spania

– Ein lærerik prosess, seier Vegard Sævik om inndrivinga av kjempekrav. Finanssmell ga milliardminus for Havila i fjor.

Marius Rosbach
14.11.2023

Risikoen for at Havila Holding tapar dei 450 millionane dei har uteståande etter ein konflikt med eit spansk verft, har auka betydeleg i løpet av året. Det kjem fram i årsmeldinga for Havila Holding.

Tvisten med det spanske verftet Barreras var knytt til kanselleringa av kontraktane for bygging av to skip ved verftet for Havila Kystruten.

I dommen frå ein britisk rett seint i fjor, blei Havila-reiarlaget tilkjend rundt 450 millionar kroner. Denne fordringa er overdrege til morselskapet.

I årsmeldinga til Havila Holding blir det opplyst at det utover 2023 har blitt ein auka risiko kring oppgjeret for dette kravet.

– Den finansielle risikoen for Havila Holdning tilknytta dette kravet anses som betydeleg, skriv styret.

– Ein lærerik prosess
Styreleiar Vegard Sævik er ordknapp når NETT NO spør om korleis arbeidet med å få inn pengane går.

– Når det gjeld å drive inn Barreras-kravet, så trur eg vi berre skal seie at det er ein lærerik prosess, skriv han i ein sms.

Han opplyser vidare at det er ein «realisasjon av ein viss motpartsrisiko» som er grunnen til at risikoen har auka.

Garantistane for Barreras-verftet var hovudsak eit spansk forsikringsselskap, medan eit portugisisk selskap hadde ein mindre del.

Frå milliardpluss til milliardminus
Havila Holding-konsernet er eigd av Sævik-familien i Herøy. Rekneskapen som nyleg blei offentleg, viser at resultatet blei snudd opp-ned samanlikna med året i forvegen.

Etter eit overskott i 2021 på nær ein milliard etter gevinst frå Fjord1-aksjar, enda fjoråret med eit resultat på minus 1,1 milliardar.

Rekneskapen viser at rentekostnadene skaut i veret til over ein milliard kroner. Samla finanskostnader for året kom på meir enn to milliardar.

Finansielle restruktureringar i oljerelaterte næringar har påverka konsernets resultat dei siste åra, skriv styret i årsmeldinga.

Ventar ny Fjord1-gevinst
Omsetninga for Havila-konsernet i 2022 gjekk opp samanlikna med året før, og auka frå 1,15 milliardar til 1,85 milliardar kroner (sjå tabell under).

Omsetninga dei tidlegare åra har likevel vore betydeleg høgare, ettersom 2021 var det første rekneskapen utan Fjord1-tala bakt inn i konsernet.

Nyleg blei det kjent at Havila vil selje den andre halvparten av Fjord1-aksjane til to europeiske fond. Salssummen er ikkje kjent, men det er klart at konsernet vil kunne fylle opp kassa med eit betydeleg milliardbeløp når det kjem i boks.

Havila Holding (konsern)
Årsresultat (i mill kr)

2022
2021
Driftsinntekter
1.847
1.147
Driftsresultat
302
-602,3
Res. før skatt
-1.063
-1.114
Årsresultat-1 102944,1

Ingen nye investeringsplanar
Vegard Sævik opplyser at den formelle gjennomføringa er avhengig av sakshandsaminga hos europeiske reguleringsstyresmakter – og at det truleg ikkje vil skje før i 2024.

Det betyr at ein ny Fjord1-gevinst først vil kome til syne i rekneskapen det året.

Då NETT NO nyleg spurte kva pengane skulle brukast til, fortale styreleiaren at konsernet ikkje hadde nokon nye investeringsplanar på trappane.

Måtte selje offshoreskip
Konsernet er eigd av Sævik-familien i Herøy og inkluderer alt frå offshorereiarlag, eigedom og skipsutstyrselskap, i tillegg til nemnte Fjord1.

Både Havila Shipping og Havila Kystruten har hatt sine utfordringar, og nyleg måtte førstnemnte selje tre skip etter krav frå låntakarane.

Kystruten fekk i august alle sine fire skip i drift, langt seinare enn planlagt.

– Pengane har floge ut i alle retningar, sa Per Sævik til NETT NO då Havila Pollux anløp Mjølstadneset for første gong.

Minus for alle hotella i fjor
Dei siste åra har reiseliv vorte ei auka satsing og Havila eig mellom anna hotell i Ørsta, Geiranger og på Grodås.

NETT NO har tidlegare omtala 2022-resultata for Havila Hotels – som alle enda med minus.

Eit overgangsår frå pandemi til full gjenopning, sa reiselivsdirektør Günther Dahler om fjoråret – og hadde tru på at 2023 ville bli eit bra driftsår.

Havila Holding er største aksjonær i Havila Kystruten. Havila Holding eig 33,34 prosent av Bakkar og Berg Media as, som gir ut NETT NO.

Publisert: 14.11.2023 13:11

Sist oppdatert: 14.11.2023 17:15

Mer om