Havila har musklar til fleire investeringar
Sal av seismikkskip viktig for Volstad-oppkjøpet, fortel Per Sævik - som gjerne investerer meir i reiseliv.
Onsdag blei det kjent at Havila Holding kjøper ut Volstad-familien frå reiarlaget Volstad Maritime.
Kjøpet kom ikkje som ei stor overrasking, ettersom Herøy-konsernet allereie var majoritetseigar i selskapet.
– Det var ein moglegheit som dukka opp, og alt låg til rette for at vi kunne gå inn og kjøpe resten av aksjane, fortel Per Sævik til Nett No.
Investorane på Oslo børs var ikkje i tvil om kva dei synest om oppkjøpet - og sende Havila Shipping-aksjen rett opp onsdag.
83-åringen er dagleg leiar i Havila Holding og har framleis ei hand på roret i drifta. I desse dagar er han tilbake i dagleg arbeid etter å ha vore sett ut av sjukdom.
– Eg er tilbake no, så skal vi ta ein diskusjon internt i familien om korleis ting skal vere framover. 83 år er vel ein alder då ein kanskje skal begynne å tenke på korleis ein skal bruke tida i pensjonsalderen, seier han og humrar.
Fekk ukjent milliardsum for Fjord1
Det er i hovudsak salet av Fjord1 i fjor, som har gitt Havila-konsernet musklar til nye investeringar.
Sævik signaliserer at pengesekken langt frå er tom, men det er ikkje kjent kor mykje Herøy-selskapet fekk for aksjane i ferjereiarlaget.
Dagens Næringsliv har anslått at prisen var mellom fem til sju milliardar kroner.
– Om prisen hadde vore på det nivået som media har spekulert i, så hadde nok ikkje selskapet vorte selt, er Sævik sin kommentar.
Fann løysing for seismikkskip
Sævik fortel at det aldri var nokon tvil om at Havila hadde betydeleg interesse i å sikre seg resten av Ålesund-reiarlaget, etter at Ola Volstad for ei tid tilbake signaliserte at han ønska å selje.
Samtidig hadde Volstad to seismikkskip Geo Caspian og Oceanic Endeavour som ikkje passa inn i planane til Havila.
Skipa blei som kjent selt kring årsskiftet.
– Då vi fann ei løysing på desse to seismikkskipa som hadde vore i opplag lenge, så vart reiarlaget eit reindyrka subsea-selskap, pluss den eine dykkarbåten. Det var litt viktig, legg han til.
Vil jobbe tettare saman
Havila-konsernet kom inn som majoritetseigar i Ålesund-reiarlaget Volstad Maritime i 2017. Etter oppkjøpet har dei full kontroll over flåten med seks skip.
I tillegg er herøyværingane majoritetseigarar i børsnoterte Havila Shipping som driv 14 fartøy, der åtte av skipa er heil- eller deileigde.
Framover vil reiarlaga jobbe tettare saman. Ei eventuell samanslåing kan vere eit alternativ – men Sævik kan ikkje vere konkret om dette grunna børsomsyn.
– Dei strukturelle grepa som det er naturleg å tenke mellom Havila Shipping og Volstad Maritime, må vi komme tilbake til, seier han.
Satsar gjerne meir på reiseliv
Sævik-familien har betydeleg anna verksemd. Mellom anna satse dei innan reiseliv for nokre år sidan med Havila Kystruten og Havila-hotell både i Ørsta, på Grodås og i Geiranger.
– Den store satsinga for oss var Kystruten og der fekk vi ikkje berre éin kilevink, men fleire skikkelege kilevinkar. Vi hadde også planar om å gjere meir med hotellsatsinga, men så fekk vi først Covid og deretter krigen i Ukraina. Det gjorde at ting stoppa opp grunna ytre forhold, seier Sævik.
– Det er likevel ikkje tvil om at reiseliv er noko som blir vurdert å satse vidare på, så får vi sjå kva moglegheiter som dukkar opp. Vi har auga og øyra oppe for kva som er mogleg, legg han til.
Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.
Publisert: 11.04.2024 05:00
Sist oppdatert: 24.09.2024 10:00