- Lista er lagt høgt, seier dagleg leiar Ove Skylstad i Geiranger Utvikling.
Selskapet har nettopp hatt generalforsamling og skifta namn. Namneskiftet signaliserer kva selskapet skal drive med, utvikling av Geiranger som reisemål året rundt - mellom anna for å sikre grunnlag for busetnad, skule og barnehage.
Til hausten startar ein forstudie til ein masterplan for utvikling av Geiranger. Forstudien skal vere ferdig i løpet av hausten. Arbeidet med sjølve masterplanen skal starte før årsskiftet, med mål om å vere ferdig i løpet av eitt år. Planarbeidet blir finansiert av ei statleg løyving som kom i behandlinga av revidert nasjonalbudsjett i vår.
Då tok reiselivet i Geiranger over destinasjonsselskapet og satsa på å gjere det til eit instrument for Geiranger og reiselivet der.
I marknadsføringa skal Destinasjon Geirangerfjord brukast som namn på selskapet.
Reiselivsreiarlaget Fjords, som mellom anna driv bilferja frå Geiranger til Hellesylt forlengjer sesongen både vår og haust i år. Det er eit tiltak på vegen på mot heilårsturisme, og opnar mellom anna for nye rundturtilbod, seier Skylstad.
Selskapet har nettopp hatt generalforsamling og skifta namn. Namneskiftet signaliserer kva selskapet skal drive med, utvikling av Geiranger som reisemål året rundt - mellom anna for å sikre grunnlag for busetnad, skule og barnehage.
Til hausten startar ein forstudie til ein masterplan for utvikling av Geiranger. Forstudien skal vere ferdig i løpet av hausten. Arbeidet med sjølve masterplanen skal starte før årsskiftet, med mål om å vere ferdig i løpet av eitt år. Planarbeidet blir finansiert av ei statleg løyving som kom i behandlinga av revidert nasjonalbudsjett i vår.
Geiranger først
Geiranger Utvikling er resultatet av ein omfattande prosess for å slå saman reiselivselskapa for Sunnmøre og Nordfjord. Det blei det ingenting av, og Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen låg an til å bli nedlagt då Nordal kommune og deler av reiselivet der heller såg mot Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.Då tok reiselivet i Geiranger over destinasjonsselskapet og satsa på å gjere det til eit instrument for Geiranger og reiselivet der.
Samarbeid
Geiranger Utvikling har gått i samarbeid med klyngeorganisasjonen NCE Tourism Fjord Norway om produktutvikling og Fjord Norge om internasjonal marknadsføring.I marknadsføringa skal Destinasjon Geirangerfjord brukast som namn på selskapet.
Utvidar sesongen
Første steg på vegen mot større heilårsturisme er å få utvida sesongen i begge endar. Geiranger Utvikling sin jobb for å nå målet er å kartlegge kva Geiranger har, og bør få av tilbod, for å trekkje til seg reisande også utanom høgsesongen.Reiselivsreiarlaget Fjords, som mellom anna driv bilferja frå Geiranger til Hellesylt forlengjer sesongen både vår og haust i år. Det er eit tiltak på vegen på mot heilårsturisme, og opnar mellom anna for nye rundturtilbod, seier Skylstad.
Publisert: 29.06.2017 11:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11