Jonny Mork Rema 1000 Ulsteinvik Foto Marius Rosbach 22
– VELDIG BRA: Rema 1000-butikken til kjøpmann Jonny Mork sette ny rekord både når det gjeld omsetning og overskot i 2025. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Framleis størst av Rema 1000-butikkane

– Veldig bra år i fjor, seier kjøpmann Jonny Mork som leverer rekordomsetning og -resultat.

Marius Rosbach
09.04.2026

2025 blei eit nytt vekstår for Rema 1000-butikken til Jonny Mork i Ulsteinvik. Både omsetning og overskot steig til nye rekordnivå i løpet av fjoråret, viser den ferske rekneskapen som no er offentleg.

– Det vart eit veldig bra år i fjor, seier Mork til Nett No. 

Kjedebutikken som er eigd av ulsteinvikaren, har i fleire år vore den Rema 1000-butikken som har selt mest daglegvarer på Nordvestlandet. 

Slik vart det også i fjor, stadfestar Mork. 

Ulsteinvik-butikken er samtidig den einaste av dei fem største Rema 1000-butikkane på Nordvestlandet i 2024, som har levert rekneskap for 2025 så langt. 

Jonny Mork AS (Rema 1000 Ulsteinvik)  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt136,8124,6
Driftsresultat5,24,7
Resultat før skatt5,44,8

– Ser stadig nye ansikt i butikken
Daglegvarebutikken som ligg ved innkøyringa til Ulsteinvik, auka omsetninga i fjor med nær 8 prosent. Det seier Mork seier seg svært nøgd med. Han meiner Ulsteinvik gjer det skarpt som lokalt handelssentrum – og at det er ein del av forklaringa på veksten. 

 – Det er vår oppleving iallfall. Og dei tilsette fortel at dei ser stadig nye ansikt i butikken, legg han til. 

Eit lokale som framleis er temmeleg nyoppussa og medvind for den lokale verftsindustrien er andre årsaker han trekk fram. 

Kan gjere lite med matvareprisane
Stigande matvareprisar var eit heitt tema i løpet av fjoråret og enda på 5,7 prosent. 

Den lokale kjøpmannen påpeiker at han kan gjere lite for å påverke prisane – og at det er noko som blir bestemt frå sentralt hald. 

Kjøpmannen har eit godt utvikla konkurranseinstinkt, og har tidlegare fortalt korleis det motiverer han i jobben. 

– Men vi er eit team med flinke tilsette som dreg lasset og skapar dette saman, seier Mork.

Vi er eit team med flinke tilsette som dreg lasset og skapar dette saman
Jonny Mork

Har bygd solid eigenkapital
Det blir ikkje reke utbyte frå butikkselskapet etter det gode fjoråret. Eigenkapitalen var ved utløpet av året på knappe fire millionar kroner og selskapet har ei langsiktig gjeld på drygt 200.000 kroner. 

Jonny Mork eig butikken via selskapet Jonny Mork Holding. 

Holdingsselskapet har ikkje levert rekneskap for fjoråret enno, men i 2024 var det bygd opp ein eigenkapital på drygt 22 millionar her. Det kjem delvis av tidlegare utbytter frå butikkselskapet og delvis frå eigedomssatsing. 

Publisert: 09.04.2026 14:45

Sist oppdatert: 10.04.2026 14:44

Mer om