Bedriftene på Nordvestlandet hadde eit samla resultat før skatt på 7,2 prosent av driftsinntektene i 2024.
Det er eit godt resultat i og med at det er snakk om gjennomsnittet. Med i reknestykket er også einskildbedrifter som gjekk på ein smell, og bransjar som hadde det tungt.
Det er framleis inntektsvekst, sjølv om veksten er lågare enn i 2023 og 2022.
Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar.
Legg til låg arbeidsløyse over fleire år, så er det grunn til å konkludere med at det går godt for næringslivet på Nordvestlandet. Utfordringa for bedriftene er snarare å rekruttere folk enn å få etablert nye arbeidsplassar.

Tre av fire gjekk i pluss
Lønsemda for næringslivet på Nordvestlandet var samla sett eit lite hakk betre i 2023. Men ho er framleis god nok til at vi kan konkludere med at 2024 vart eit godt år.
Til samanlikning låg resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene nær – eller under – null i fleire år etter oljeprisfallet i 2014. Det utløyste krise for offshorereiarlaga og ordretørke hos skipsverfta.
Om lag tre av fire bedrifter gjekk med overskot, medan ei av fire gjekk i minus i 2024. Det er så å seie likt med fordelinga av pluss- og minusresultat i 2023 og 2022.
Samla gjekk selskapa som tapte pengar i 2024, med 7,7 milliardar kroner i underskot. Det er ein auke frå 5,5 milliardar kroner i 2023.
Dei ti selskapa med størst minus stod for 4,1 milliardar kroner av dette underskotet. Det landbaserte oppdrettsselskapet Atlantic Sapphire er den største underskotsbedrifta, med 1,7 milliardar kroner i minus. Selskapet har all si verksemd i USA, men har hovudkontoradresse i Vestnes.
(saka held fram under)
Nett NO tek temperaturen på næringslivet
Sidan NETT NO såg dagens lys i 2013, har vi kvart år henta ut ei oversikt frå Bisnode over korleis næringslivet gjer det.
Rekneskapsdatabasen omfattar bedrifter med over fem millionar i driftsinntekt i alle kommunane på Sunnmøre, kommunane i Nordfjord (medrekna den delen av Kinn som var Vågsøy kommune) – og frå 2021 også Molde, Rauma og Vestnes i Romsdal.
Databasen omfattar over 3400 bedrifter. Årets utgåve omfattar rekneskapstal frå 2020 og fram til og med 2024.
Samanslåingar, oppkjøp, omorganiseringar, sal og andre endringar gjer at oversikta ikkje blir identisk for kvart år.
Sidan kvar database omfattar ein periode på fem år, er dei likevel ein god og samanliknbar peikepinn om korleis det går.
| Næringslivet på Nordvestlandet 2024-2020 | |||||
| Tal i milliardar kroner | |||||
| Drifts-inntekt | Drifts- resultat | Res.f. skatt | Drifts-margin i prosent * | Resultat-margin i prosent ** | |
| 2024 | 264 | 22 | 19 | 8,40 % | 7,20 % |
| 2023 | 252 | 22 | 21 | 8,60 % | 8,30 % |
| 2022 | 235 | 17 | 16 | 7,30 % | 6,70 % |
| 2021 | 197 | 13 | 14 | 6,80 % | 7,20 % |
| 2020 | 172 | 9 | 10 | 5,30 % | 5,90 % |
| Tabellen er basert på rekneskapa til selskap med over fem millionar kroner i driftsinntekt i 2024. I alt omfattar det 3475 selskap, i Nordfjord, på Sunnmøre og i Molde, Rauma og Vestnes. | * Driftsmargin er driftsresultat i prosent av driftsinntekt | ** Resultatmargin er resultat før skatt i prosent av driftsinntekt |
Maritim vekst dreg opp
Det er veksten i maritime bransjar som dreg inntektene mest opp, og det viser kor mykje desse bedriftene betyr for aktiviteten i næringslivet på Nordvestlandet.
Vard Group er attende som det største selskapet på Nordvestlandet, rangert etter driftsinntekt . Dei har med seg dotterselskapet Vard Electro blant dei ti største. Der er også Ulstein Verft med.
Av dei ti selskapa med størst vekst i inntektene mål i kroner er fire skipsverft eller søsterselskap av skipsverft. Det er Vard Group, Ulstein Verft, Vard Electro og Myklebust Verft.
To reiarlag, brønnbåtselskapet Sølvtrans og Havila Kystruten Operations er også på topp ti-lista over dei med størst inntektsvekst. Der er også fiskeeksportørane Seawest og Villa Seafood, fiskeindustribedrifta Finefish og kraftnettselskapet Linja.
Til saman hadde desse bedriftene ein inntektsvekst på 10,4 milliardar kroner frå 2023 til 2024, av ein total inntektsvekst på 12,3 milliardar.
Fleire saker frå Nett No om maritim industri
Analysen til klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime over tilstanden og stemninga i den maritime klynga på Nordvestlandet blir publisert i september kvart år. Den viste at bedriftene venta vidare inntektsvekst både i 2025 og 2026.
Medan skipsverfta drog opp inntektsveksten frå 2023 til 2024, er det utstyrsleverandørane, reiarlaga og skipsdesignarane som er venta å stå for den største inntektsveksten i 2025 og 2026, saman med andre tenesteytande bedrifter.
Bedriftene i klynga er blitt litt mindre optimistiske til korleis lønsemda vil utvikle seg i 2025 og 2026, enn dei var i klyngeanalysen frå hausten 2024. Men det er framleis halvparten av alle spurde som trur på auka lønsemd – og berre 20 prosent ventar ei negativ utvikling.

Fleire vil ha nye bilar
Nybilsalet gir ein god peikepinn på kjøpelysta – og kjøpeevna – i hushalda. Dei fleste kan køyre med den gamle bilen eitt år til om lommeboka blir slunknare og renta bit for hardt.
I 2023 tente bilforhandlarane på Nordvestlandet nesten ikkje pengar. Resultatmarginen – resultat før skatt i prosent av driftsinntektene – var nede i 0,2 prosent.
Nybilsalet på Sunnmøre gjekk ned med 12,1 prosent frå 2023 til 2024, men resultatmarginen steig til 0,9 prosent. Det er framleis magert, men ei klar betring.
I 2025 har også nybilsalet teke seg opp. Ved utgangen av juli hadde salet av nye bilar auka med 25,6 prosent på landsbasis samanlikna med same perioden i 2023, ifølge Opplysningsrådet for veitrafikken. På Sunnmøre auka salet av nye bilar endå meir – opp 40,4 prosent samanlikna med tilsvarande periode i 2023.
Daglegvare auka lønsemda
Tala til daglegvarebransjen tyder òg på at forbrukarane taklar høgare matvareprisar.
Dei 30 største daglegvarebutikkane på Nordvestlandet auka inntektene til 2,8 milliardar kroner i 2024.
Det er opp 6,5 prosent frå året før. Det er godt over prisveksten på matvarer i 2024, som ifølge Statistisk Sentralbyrå hamna på 5,2 prosent.
Til skilnad frå 2023 auka daglegvarebutikkane også resultatet før skatt – og med det resultatmarginen i fjor. Den steig frå 2,3 prosent til 2,6 prosent.

Kraftig møbelopptur – og nedtur
Møbelsalet er ein annan indikator på tilstanden for privatøkonomien. Med unntak for dei som set bu for første gong, eller går gjennom ei skilsmisse, er også møbelkjøp noko som kan settast på vent.
Koronapandemien som kom i 2020, vart eit eventyr for både fabrikkane og butikkane i møbelbransjen. Reiserestriksjonane gjorde at folk brukte pengane sine på oppussing og framskunda kjøp av nye møblar i staden for å bruke pengar på feriereiser til utlandet.
Då koronarestriksjonane forsvann, kom ein kraftig nedtur. To av tre møbelprodusentar i NETT NO si oversikt gjekk med underskot i 2024.
Dei to siste møbelprodusentane i Stordal kasta inn handkleet og gjekk til skifteretten: Sitwell i 2024 og Stordal Møbler i 2025. (Hos Stordal Møbler er det ny drift, med utanlandske eigarar av det nye selskapet Stordal Home Furniture).
Fleire saker frå Nett No om møbel
Ekornes-konsernet, den største norske møbelprodusenten, gjekk frå 3,2 milliardar kroner i driftsinntekt i 2019 til 4,9 milliardar kroner i 2022.
I 2024 var inntektene til konsernet krympa med 1,1 milliardar kroner samanlikna med toppåret – og konsernet gjekk i minus både i 2023 og 2025. Oppbemanning vart avløyst av nedbemanning.
Butikkane merka òg nedturen.
I 2025 vart det opna konkurs i Møbelsenteret Vestnes og Møbelringen Blindheim, som dreiv Møbelringen-butikk i Breivika i Ålesund
Lysning – og nye farar
Utover 2024 lysna det for bransjen.
Etterspørselen tok seg opp, og permitterte kom i jobb igjen. Den positive utviklinga heldt fram også i starten av 2025. Bransjeorganisasjonen Norsk Industri spådde på seinsommaren at 2025-resultata for fabrikkane ville bli mykje betre enn resultata året før.
Likevel er det framleis skjer i sjøen.
Då Ekornes-konsernet kom med tal for andre kvartal 2025, viste dei ein nedgang i inntektene samanlikna med andre kvartal 2024 – og underskot for kvartalet.
Årsak? Mellom anna politikken til USA-president Donald Trump.
I tillegg til sesongsvingingar gjorde amerikansk toll og negativ valutakursutvikling at inntektene fall 15 prosent i andre kvartal 2025 samanlikna med første kvartal.
Ekornes er i ei særstilling, der eksportandelen er over 80 prosent og USA-marknaden står for rundt ein tredjepart av inntektene. Men eksportandelen har auka for resten av møbelbransjen, og uro kring vilkåra for internasjonal handel påverkar også innkjøpskostnadane.

Overraskande bra for fiskeri
Fallande torskekvotar over fleire år har utløyst spådommar om at no kjem ein kraftig nedtur for fiskerinæringa.
Den spådommen har ikkje slått til. I staden har det gått overraskande bra.
For store delar av fiskeflåten som har torsk som sitt økonomisk viktigaste fiskeslag, har auka pris langt på veg kompensert for at fangstane er reduserte.
Samla hadde fiskeflåten på Nordvestlandet eit resultat før skatt i prosent av driftsinntektene (resultatmargin) på 18,4 prosent i 2024. Det er opp frå 13,6 prosent året før – og den beste lønsemda relativt sett sidan 2021.
24 av reiarlaga fiskar kvitfisk, som omfattar torsk og liknande fiskeslag. Det er desse som skulle fått smellen etter at torskekvotane er reduserte med 45 prosent frå toppåret 2021 til 2024.
Fleire saker frå Nett No om fiskeri
Resultatmarginen for denne gruppa vart rett nok meir enn halvert frå 2021 til 2023, men i 2024 steig han igjen – til 10,7 prosent.
I kroner betydde det 667 millionar i pluss, av inntekter på 6,2 milliardar kroner.
Det er trålarane som greidde seg best, men også båtane som fiskar torsk med garn og line, betra resultatet i 2025.
Berre eigarane av dei minste båtane på Nordvestlandet, såkalla kystfiskefartøy, gjekk ut av 2024 med minusresultat, viser årsrekneskapen.
2025 ligg an til å bli nok eit godt år for fartøya som fiskar sild, makrell og liknande fiskeslag. Også i år hjelper prisauken for torskefiskarane.
Klippfiskindustrien er tradisjonelt den delen av fiskeforedlingsindustrien som klarer seg best, og han auka lønsemda i 2024 trass i reduserte inntekter. Klippfisk er eit høgprisprodukt og festmat i Portugal og Brasil. Det gjer at industrien på Nordvestlandet er langt betre rusta enn tradisjonelle filetprodusentar i Nord-Noreg når prisane er høge.
Tøff konkurranse
40 selskap i bygge- og entreprenørbransjen i NETT NO sitt dekningsområde har driftsinntekter på 50 millionar kroner eller meir. Dette er selskap som bygger alt frå hus til vegar og kaier.
Christie & Opsal og K. Nordang er dei to største, begge med over 800 millionar kroner i driftsinntekt i 2025. I desember varsla dei to at dei no skal bli eitt selskap.
Samla hadde desse selskapa 6,6 milliardar kroner i samla inntekter i 2024, og eit resultat før skatt på 226 millionar. Både inntekt og lønsemd hamna litt under 2023-nivået, men det var langt frå nokon stor nedtur å sjå i 2024-tala.
Det er likevel snakk om ein resultatmargin på 3,4 prosent, som er magert. Med ei slik lønsemd skal ein ikkje bomme mykje på eit prosjekt før det kan bli skjebnesvangert for bedrifta.
– Vi har eit mål om minimum 6,5 prosent resultatmargin. Då er vi fornøgde, men vi har veldig gode anbodsprosessar. Så veit vi at dei 100 største i landet ligg på tre prosent. Då er det lite å gå på, og det gjer jo sitt til at konkurransen om anboda blir endå hardare – i en marknad som allereie har for låg aktivitet.
Det sa Christie & Opsahl-sjef Andreas Andenæs til NETT NO då bransjetala for 2024 var klare i august 2025.
Kostnads- og renteauke har slått negativt ut for bygge- og anleggsbransjen, men kvartalsrapport nummer to og tre i 2025, frå det regionale nettverket til Noregs Bank, rapporterte om auka optimisme og forventningar om fleire oppdrag igjen.

Tøffe år etter grunnrenteskatten
Dei siste åra har vore tøffe for selskapa som leverer utstyr til oppdrettsbransjen. Grunnrenteskatten på oppdrett som vart varsla i 2022, vert peikt på som ei viktig årsak. Den gjorde at oppdrettsselskapa sette bremsene på for nye investeringar.
I 2022 hadde dei ti selskapa i NETT NO si oversikt over dei største aktørane på Nordvestlandet i denne leverandørbransjen 4,1 milliardar kroner i driftsinntekter. Året etter – i 2023 – var inntektene krympa med éin milliard kroner til 3,1 milliardar kroner. Fallet var eientleg større, fordi inntektene til PE Bjørdal i Ørsta i 2022 ikkje er rekna med. Ørsta-selskapet gjekk til skifteretten i mai 2023. (Steel Tech starta ny drift i dei same lokala og med ein del av dei tidlegare eigarane same året).
I 2024 vart det ein mindre inntektsnedgang for leverandørbransjen til havbruk. Førebelse tal viser driftsinntekter på 2,8 milliardar kroner i 2024. Tosifra underskot for MMC First Process og tresifra minus for Optimar gjorde at bransjen samla sett tapte pengar i 2024.

Vekst hos restaurantane
Som for bil- og møbelbransjen er inntektene og resultata for restaurantbransjen ein indikator på tilstanden i heile økonomien.
Både privatpersonar og bedrifter har lettare for å bruke pengar på måltid ute når økonomien er god.
At restaurantane på Nordvestlandetbåde hadde inntektsvekst og auka lønsemd i 2025, tyder på at økonomien er god.
Jens Isehaug er andre generasjon innehavar og drivar av Isehaug Kafeteria i Stryn. Han er ein av dei som har merka utviklinga.
I perioden 2021–2024 hadde bransjen på Nordvestlandet ein inntektsvekst på 35 prosent. For Isehaug Kafeteria var veksten 49 prosent i same periode.
– Fjoråret vart eit rekordår, sa Isehaug til NETT NO sommaren 2025.
Veksten er mellom anna eit resultat av at han starta på ei omfattande oppussing i 2016. Det har utvida kapasiteten til 200 sitteplassar inne og like mange ute.
Veksten har gjort restaurantselskapet til eitt av dei største på Nordvestlandet, rangert etter inntekt. Samtidig har Isehaug plassert seg heilt i toppsjiktet blant dei mest lønsame restaurantane på Nordvestlandet. Storleik er ingen garanti for store overskot – men det er fleire restaurantar med god lønsemd blant dei største her enn i gjennomsnittet for bransjen.
Comeback for offshorereiarlaga
Før oljeprisfallet i 2014 sende offshorereiarlaga på Nordvestlandet ut i ei djup og langvarig krise, var dei flaggskipa i næringslivet på Nordvestlandet. Dei hadde god lønsemd og var solide oppdragsgivarar for verfta i regionen.
No har dei gjort comeback – om enn ikkje til gamle høgder og ikkje alle.
NETT NO si oversikt over resultata for dei større reiarlaga på Nordvestlandet omfatta det som i dag er 15 selskap. Ti av dei driv med oppdrag for vindkraft- og olje- og gass-næringane. Det omfattar alt frå frakt-, service- og slepeoppdrag til seismikk-kartlegging og konstruksjonsarbeid på havbotnen.
Samla auka desse reiarlaga inntektene sine med 1,5 milliardar kroner frå 2023 til 2024, til 9,7 milliardar. Resultatmarginen, resultatet før skatt i prosent av driftsinntekta, var 29 prosent i 2024 og 34 prosent i 2023.

Knallår for ungt reiarlag
Det unge reiarlaget Nordwind Offshore vart etablert med vindkraftbransjen som mål, men har òg olje- og gassindustrien som kundar. I fjor vart eit knallår med eit overskot på 224 millionar kroner av ei inntekt på 569 millionar. Det plasserer reiarlaget heilt i lønsemdstoppen i NETT NO si resultatoversikt for bransjen på Nordvestlandet.
Det ålesundsbaserte selskapet har mellom andre tidlegare Farstad Shipping-medeigar Sverre Farstad og tidlegare offshorereiar Eivind Volstad på eigarsida. Reiarlaget vart etablert i 2022. Dei har per i dag fem skip i arbeid og fleire under bygging.
– Både i fjor og i år har det vore god aktivitet, og det gjer at båtane stort sett har vore engasjerte og sysselsette heile tida, sa Norwind Shipholding-sjef Svein Leon Aure om 2024-resultatet til NETT NO i august 2025.

Publisert: 31.12.2025 05:00
Sist oppdatert: 30.12.2025 11:50






