Eirik Kavli Ørskog Sparebank foto Ogne
IKKJE RENTEAUKE: Banksjef Eirik Kavli vil vente til januar med å vurdere ny renteauke frå Ørskog Sparebank. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fryktar det blir tøffare neste år

Ørskog Sparebank-sjef Eirik Kavli set renteauke på vent. Fryktar meir pressa privatøkonomi neste år.

20.12.2023

Både Dnb og Nordea har varsla auka lånerente etter at Noregs Bank auka styringsrenta med 0,25 prosent i desember.

Ørskog ventar til neste rentemøte, i slutten av januar 2024, med å ta stilling til ein eventuell auke.

Den siste renteauken frå Noregs Bank gav ikkje store utslag i pengemarknadsrente, og det gjorde at banken vurderte at den ikkje hadde mykje å tape på å vente og sjå, ifølgje Kavli. I tillegg spelar det inn av 2023 ligg an til å bli eit godt år både for banken og heile bankbransjen.

Tøffare neste år
Den siste renteauken frå Noregs Bank var den 14. sidan 2021, og mange kundar har aldri opplevd høgare rente enn i dag, ifølgje Kavli.

Han trur privatpersonar får større økonomisk utfordringar framover, fordi dei får enda høgare rente neste år.

- Eg fryktar at bremsen i forbruk og anna har vi framfor oss, seier han.

Omslaget kjem først når folk blir overtydd over at renteauken i det minste er over.

Merkar konkurransen
Renteauken har gjort folk meir medvetne om kva dei betalar for låna sine. Fleire enn før sjekkar no vilkåra i andre bankar, slik at talet på forespørslar om lån ikkje har gått ned, sjølv om utlåna har det.

Auka levekostnadar og eit rentenivå vi ikkje har sett sidan 2008 gir også fleire avslag på lånesøknadar frå nye og eksisterande kundar, skreiv Ørskog Sparebank i kvartalsrapporten for 3. kvartal 2024.

Publisert: 20.12.2023 09:00

Sist oppdatert: 20.12.2023 09:37

Mer om