Marita Løvik Stadsnes Jan Rune Hurlen Sparebank1 SMN foto Sparebank 1 SMN
HJELP: Regionbanksjef privatmarknad i Sparebank 1 SMN, Marita Løvik Stadsnes, seier fleire kundar ønsker rådgivning av bankane. Her saman med regionbanksjef næringsliv, Jan Rune Hurlen. Foto: Sparebank 1 SMN
Nytt

Tøffare å få lån

Høgare rente og levekostnadar har byrja å bite.

Auka levekostnadar og eit rentenivå vi ikkje har sett sidan 2008 gir fleire avslag på lånesøknadar frå nye og eksisterande kundar, skriv Ørskog Sparebank i kvartalsrapporten for 3. kvartal.

NETT NO har prata med fleire av bankane på Nordvestlandet. Dei peiker på det same som Ørskog Sparebank: Høgare levekostnadar og rentenivå påverkar evna deira til å innvilge lånesøknadar.

Samtidig seier fleire at dei ikkje gir fleire avslag, men at dei heller tilbyr eit mindre lån enn kunden ønskjer.

I tillegg til dette er det fleire kundar enn før som søker rådgivning.

Renter, renter, renter
Regionbanksjef for privatmarknad Marita Løvik Stadnes i Sparebank 1 SMN seier at for å bevilge lån så skal ein kunne tåle ei renteauke på fem prosent.

– Men når ein på kort tid har hatt hyppige auker, vil det bli eit større beløp ein må kunne klare å betene.

I Sparebanken Nordmøre må dei derimot seie nei til fleire lån enn før. Banksjef Arne Nordal seier dei likevel har ein god utlånsvekst.

– Vi brukar mykje meir tid på å finne gode løysingar saman med kundane våre enn før.

AAGE CHRISTENSEN leder for personkundervirksomhete til Nordea på Nordvestlandet foto Nordea
PRISVEKST: Aage Christensen i Nordea seier prisveksten er så høg at det vil slå inn på vurderingar om lån. Foto: Nordea

Kundar tenker seg om
Banksjef i Nordea Ålesund, Aage Ellingsrud Christensen, seier at fleire låneavslag er gjengs for bransjen.

– Vi må også gi fleire avslag på søknadar om avdragsfridom.

Christensen fortel at det heng saman med utlånsforskrifta som ikkje er tilpassa tida vi er i no.

Det vil seie: Høgare rente og lågare omsetning av bustadar.

– Vi opplever at fleire kundar tenker seg om to gongar om korvidt dei skal gå inn og kjøpe ein eigedom før dei har selt.

Han oppmodar kundar om å få bort kredittkort, som kan ha stor innverknad på vurderingar av lånesøknadar.

Fleire trenger rådgiving
Leiar i divisjon personmarked i Sparebanken Møre, Elisabeth Blomvik, seier det er forskjellar i fylket, men at ikkje så mange opplever problem med å få innvilga lån.

– Å forholde seg til regelverket rundt boliglånsforskrifta har blitt meir komplisert for både bankane og forbrukar.

Fleire kundar enn før søker difor hjelp frå rådgivarar, og Blomvik seier det har blitt ganske hektisk den siste tida.

– Dei aller fleste kundane klarer likevel veldig fint å betene det dei har, og får det dei søker om. Nokre kundar er derimot litt for ambisiøse.

Elisabeth Blomvik foto Sparebanken Møre
BENKEN: Elisabeth Blomvik i Sparebanken Møre seier at kundar sit på gjerdet og ventar på rentenedgang. Foto: Sparebanken Møre

Ventar investeringar neste år
Mange sit på gjerdet og ventar på å gjere sine investeringar, ifølgje Blomvik.

Den siste spådomen er at det er større sjanse for ny renteauke i desember på grunn av dei høge inflasjonstala per oktober, som blei offentleggjort av Statistisk Sentralbyrå i dag.

– Vi forventar likevel at kundane vil investere i 2024.

Sparebanken Møre har også opplevd sterk auke på innskot, som ifølgje Blomvik vil seie at situasjonen er ulik blant befolkinga i fylket.

– Har god kontroll på eigen økonomi
DNB i Ålesund er ein av bankane som ikkje gir oftare avslag enn tidlegare, men at dei ikkje kan låne ut like mykje som før.

– Dette slår spesielt ut for unge lånetakarar, som gradvis har fått det vanskelegare for å kome inn i bustadmarknaden, seier banksjef for personmarknad, Anna Gran Berild.

Finanstilsynet sin bustadlånsundersøkelse 2023 viser eit tydeleg fall i gjeldsgrada. For årets undersøkelse ligg den på 326 prosent av brutto årsinntekt, samanlikna med 347 prosent i fjor.

DSC 4731 Anna Gran Berild 1
ÆRLIG: Anna Gran Berild oppmodar kundane sine å vere ærlige om dei står i ein tøff økonomisk situasjon, og å oppsøke hjelp. Foto: Stig Fiksdal

Mislighold
Mange prioriter også å betale ned bustadlånet sitt, og dei betalar når dei skal, seier Berild.

Fleire aukar andelen av oppstarte midlar til å innfri eller redusere lånet. Særleg gjeld dette for eldre kundegruppar.

– Det er låg grad av mislighald av lån, og det er positivt. Samtidig veit vi at ein del tærer på sparebufferen sin.

Eirik Vartdal Sparebanken Vest Ålesund Foto Marius Rosbach11
ENDRING: – Før var spørsmålet meir “Kor mykje kan eg låne?”, og no er det meir “Korleis kan ein leve godt frå månad til månad?", seier Eirik Vartdal i Sparebanken Vest. Arkivfoto: Marius Rosbach

Tilpasningsdyktige vestlendingar
Renteheving og kostnadsauke er ikkje eit nytt fenomen seier banksjef i Sparebanken Vest, Eirik Vartdal.

Dei ser fleire låneavslag, og fleire søknadar om avdragsfridom.

– Folk på Vestlandet er tilpasningsdyktige av natur, så dette klarer vi å kome oss gjennom.

Han påpeiker at folk ventar at rentene og prisane vil halde seg høge ei stund framover.

Publisert: 11.11.2023 05:00

Sist oppdatert: 11.11.2023 03:22

Mer om