Ny strid om produksjonsfisk
Sjømatbedriftene ber departementet seie nei til Mowi.
NPK-NTB/NETT NO: Som fiskeriministeren greip Harald Tom Nesvik (Frp) inn for å stoppe verksemda til slaktebåten "Norwegian Gannet". Grunnen var at han meinte «Norwegian Gannet» braut regelverket som krev at såkalla produksjonsfisk, fisk med for eksempel sår og misdanningar skal sorterast ut og ikkje eksporterast ut av Noreg.
Norwegian Gannet tek ombord fisk rett frå oppdrettsanlegga og slaktar den på veg mot Danmark i staden for at fisken først blir frakta med brønnbåt til lands i Noreg og slakta der.
Sommaren 2018 foreslo Mattilsynet å fjerne regelen, men det ville ikkje Nesvik.
Striden enda med eit forlik etter ei runde i retten. I forliket fekk selskapet bak "Norwegian Gannet" dispensasjon frå regelverket til 1. desember 2030.
Rimlegare utanlands
No er regelverket på nytt blitt tema, etter at Mowi har søkt om dispensasjon for å få eksporterer produksjonsfisk.
Produksjonsfisk er den lågaste kvalitetssorteringa for laks som er godkjend for menneskeleg konsum, men den kan ikkje eksporterast før det er gjennomført ei såkalla feilretting i Noreg. Det bety å skjere bort skadde deler av fisken før eksport.
Mowi, som er det største lakseoppdrettsselskapet i verda, har søkt om dispensasjon frå forbodet, som Mowi-direktør Ivan Vindheim meiner er både proteksjonistisk og konkurransehemmande.
Det er rimelegare for Mowi å foredle produksjonsfisk utanlands.
Underminerer omdømme
Bransjeorganisasjonen Sjømatbedriftene ber Fiskeridepartementet seie klart og tydeleg nei til Mowi sin søknad, seier administrerande direktør Robert H. Eriksson i Sjømatbedriftene.
Eriksson meiner slik eksport underminerer Noregs omdømme i sjømatmarknaden og han oppmodar til streng handheving av regelverket som forbyr eksport av fisk med låg kvalitet.
I samband med striden rundt "Norwegian Gannet" argumenterte Sjømatbedriftene også med omsynet til norske arbeidsplassar.
Omdømmeproblem
– Eg deler ikkje Vindheims syn. Dette handlar ikkje om proteksjonisme, men om omdømmet til norsk laks ute i marknaden. Den rekordhøge andelen produksjonsfisk i år er eit omdømmeproblem for næringa, og feilretting må skje i Noreg før fisken blir send til konsum, seier Eriksson.
Feilretting i oppdrettsbransjen inneber mellom anna utsortering av dårleg fisk, og vidareforedling til andre produkt.
Publisert: 20.02.2024 09:04
Sist oppdatert: 20.02.2024 09:04