«Merkeleg», «skandaløst» og «fagleg forkasteleg»
Frank Sve (Frp) vil ha ei forklaring på kvifor ny veg over Strynefjellet står i fare for å måtte vente minst 13 år på byggestart.
Stortingspolitikar Frank Sve (Frp) er uroa etter at Statens vegvesen har foreslått å ta ut bygging av ny riksveg 15 over Strynefjellet i komande Nasjonal Transportplan som skal gjelde til og med 2036.
«Merkeleg», «skandaløst» og «fagleg forkasteleg» er karakteristikken til Sve over avgjerda. Det kjem fram i eit skriftleg spørsmål til samferdsleminister Jon-Ivar Nygård i Stortinget.
Der ber han Ap-statsråden om «ei logisk og fagleg forankra forklaring» på kvifor både riksveg 15 og ny E136 gjennom Romsdalen er teke ut i fagetaten sitt forslag.
Vegvesenet peiker på kostnadsauke
– Møre og Romsdal er eit av landets største eksportfylke og næringsfylker, og har såleis store behov for nødvendige vegar ut og inn av fylket, skriv Sve i grunngjevinga for spørsmålet.
Frp-politikaren viser til at fleire av regjeringspartia sine eigne politikarar har forsikra at riksveg 15 over Strynefjellet med arm til Geiranger, skulle planleggjast.
I vegvesenet sitt innspel til regjeringa om ny NTP står det at prosjektet har ei stor kostnadsauke og at planlegging ikkje er sett i gang. Strynefjellsvegen står difor på ei liste over ein rekke prosjekt som ikkje blir foreslått prioritert i perioden 2025-2036.
Samtidig blir det påpeika at riksveg 15 over Strynefjellet er mellom fjellovergangane i landet med størst tap for næringslivet.
Hadde håp om byggestart i 2027
Samferdselsministeren var sjølv på synfaring på Strynefjellet i fjor sommar. Nygård sa han forstod frustrasjonen over tilstanden på vegen, men ville ikkje peike på eit årstal for kva tid han trur paden kunne kome i jorda.
Lokalt var det då håp om å starta planlegginga så snart som mogleg, for å kome i gong med sjølve bygginga i 2027. Det er anslått ei byggetid på kring seks år.
Regjeringa er venta å legge fram ny transportplan for politisk behandling i Stortinget til neste år.
Publisert: 14.04.2023 05:00
Sist oppdatert: 14.04.2023 01:31