Per Vidar Kjølmoen foto Ogne
KOMPETANSEEKSPORT: Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (ståande) vil at framtidige offentleg finansierert teknologiutviklingsprosjekt også skal gi oppdrag til norske bedrifter. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fryktar hydrogen-ferjer hamnar i Tyrkia

Stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen (Ap) fryktar hydrogenferjene som skal krysse Vestfjorden blir bygd i Tyrkia.

03.03.2022

Kjølmoen sa frå om si bekymring under eit innlegg på Maritimt Forum sitt arrangement, Ocean Summit i dag, som samla stortingsrepresentantar frå Møre og Romsdal og representantar for næringslivet.

Kjølmoen er andre nestleiar i Stortingets næringskomite.

Ferjene skal bruke hydrogen som energiforsyning, og er eit utviklingsprosjekt for å erstatte diesel med CO2-utsleppsfritt drivstoff, også på lengre strekningar.

Må konkurrere, men...
Kjølmoen kritiserer prosessen som gjer at det kan bli tyrkiske verft som stikk avgårde med eit teknologiutviklingsprosjekt som hydrogenferjene er.

- Norske verft må konkurrere med andre, det er ingen veg utanom det. Men når det er utvikla ny teknologi og når den er utvikla 100 prosent finansiert av norske skattepengar så tenkjer eg at dette (skipa, red. merk) også blir bygd i Noreg, seier Kjølmoen til NETT NO.

Lite handlingsrom
Arbeidet med å utvikle og legge oppdraget med å bygge dei nye hydrogenferjene starta under førre regjering.

Det reduserer høvet Ap/Sp-regjeringa har til å få endra på vilkåra for korleis byggekontraktane for hydrogenferjene skal bli fordel.

- I dette tilfellet ser det ut som om handlingsromet er lite, seier Kjølmoen.

Betre prosessar
Kjølmoen seier Noreg må bli flinkare til å utnytte regelverket for internasjonal handel, slik teknologiutviklingsprosjekt ikkje fører til at kompetansen blir flytta til utlandet.

- Eg håpar at vi få til ein betre prosess neste gang vi skal lyse ut eit slikt prosjekt, seier Kjølmoen.

Publisert: 03.03.2022 19:17

Sist oppdatert: 03.03.2022 20:09