Fryktar idetoerke
TØFF KONKURRANSE: Konkurransen frå utlandet medverka til at Olav Utgård i Formfin-konsernet måtte konstantere eit fall i driftsinntektene på over 10 millionar kroner i fjor. 
Nytt

Fryktar idétørke

Formfin-sjef Olav Utgård får færre og færre underleverandørar å velje mellom. Fryktar det gir mindre nyskaping.

07.09.2015
Då Utgård tok til i møbelbransjen på 70-talet var det møbelbedrifter "på kvart eit nes", langs fjorden i Sykkylven. I dag er eit fåtall att, og med nedgangen er det og blitt færre underleverandørar.
Møbelprodusenten Formfin i Hundeidvika i Sykkylven kan feire 70-år neste år. På topp, på slutten av 90-talet, var det nesten 100 tilsette. I dag er det færre, men med nesten 60 på lønningslista av fabrikken framleis hjørnesteinbedrifta i bygda. I tillegg til arbeidsplassar er Formfin og ein støttespelar til den private barneskulen og sponsor til idrettshallen som er under bygging.

Byggjer på underleverandørar

Møbeltekstil, skumputer og møbeldeler i tre kjøper selskapet frå andre. Produksjonen er basert på eit samarbeid med underleverandørane, og Utgård trur det vil bli enda meir av det i framtida.
Men han skulle gjerne sett at det var fleire bedrifter i marknaden.
- Her er nesten ikkje konkurranse, seier Utgård.

Idetørke

Svak konkurranse har sjølvsagt betydning for prisnivået, men Utgård er bekymra for ei anna side ved at det er få aktørar i marknaden:
- Det er jo færre (bedrifter, red. merk.) og då får du ikkje den innovasjonen og idemyldringa du hadde, seier han.


Manglande konkurranse gir dårlegare grobotn for nye måtar å gjere ting på, slik Utgård ser det.
Konsekvensen blir at ein må leite etter underleverandørar i utlandet.
- Ein må sjå vidare ut, seier Utgård.

Tøff konkurranse

Formfin sel praktisk talt alle sine møblar i den norske marknaden, og tøff konkurranse med import frå utlandet er hovudårsaka til at driftsinntektene fall med over ti millionar kroner frå 2013 til 2014 (sjå tabell).
Konkurranseituasjonen er langt på veg den same i år, sjølv bedrifta hittil i år ligg an til å auke driftsinntektene med seks-sju prosent samanlikna med 2014, i følgje Utgård.
Utviklinga i kronekursen har gitt bedrifter som konkurrerer med bedrifter i land med euro og dollar ein fordel. Den fordelen har berre delvis kome Formfin til gode, fordi bedrifta mellom anna konkurrerer med polske bedrifter.
I høve til den polske valutaen, zloty, har ikkje kronekursen utvikla seg lite positivt som i høve til dollar og euro. I tillegg importerer Formfin mellom anna møbeltekstil, som valutautviklinga har gjort dyrare.

Satsar på to kjeder

Formfin sel gjennom to norske møbelkjeder, Bohus og Møbelringen. Det er snakk om langsiktige avtalar og eit nært samarbeid, der fabrikken lagar ulike kolleksjonar til dei to kjedene.
Marknadsføringa er retta mot forhandlarleddet, og slik blir det også framover, i følgje Utgård.
Stol & Møbelfabrikken Formfin eig både driftselskapet Formfin Møbler og fabrikkbygningen i Hundeidvika. Selskapet er familieigd, med Olav Utgård, Harald Bueide og Steinar Myrseth som eigarar av A-aksjane, medan B-aksjane er spreidd på fleire familiemedlemar.


Publisert: 07.09.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46