Fryktar langvarig stopp i cruise
CRUISESTOPP: Det kan gå lang tid før cruisepassasjerar på nytt kan gå i land i Geiranger, trur hamnesjef Rita Berstad Maraak (innfelt).
Nytt

Fryktar langvarig stopp i cruise

Inntektstapa for reiselivsbedriftene i Stranda og omegn kan kome opp i ein halv milliard kroner.

14.04.2020
I år skulle det bli ein ny god cruisesesong i Geiranger og Hellesylt med 211 skip til Geiranger og 135 skip til Hellesylt, samt ei rekordutviding i skuldersesongen april - oktober med heile 33 prosent.
Men så vart det bråstopp.
- Kanselleringane kjem fortløpande no, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda hamnevesen.

Stengde hamner

Hittil er 35 skip kansellerte. Første ikkje-kansellerte skip er Aidasol som etter planen skal kome 7. mai, men det er lite som tyder på at det kjem cruisetrafikk til norske hamner i år.
Styresmaktene har sett stopp for all transport av cruisepassasjerar frå norske hamner, og Stranda hamnevesen har derfor stengt hamnene i sjøområdet for all trafikk med cruisepassasjerar.
For Stranda kommune betyr ein full stopp i cruisetrafikken omfattande tap.

Store økonomiske tap

Berstad Maraak opplyser at i revidert budsjett legg Stranda hamnevesen til grunn at all cruisetrafikk uteblir i 2020.
Om dette slår til, betyr det tapte inntekter på rundt 30 millionar kroner.
- Dette betyr at Stranda kommune må sjå vekk frå eit forventa overskot på mellom 10 og 14 millionar kroner og eit positivt bidrag til Stranda kommune sitt konsernreknskap, noko som igjen vil avgrense kommunen sitt høve til å bidra til å utvikle lokalsamfunnet.
For reiselivsbedriftene er inntektstapa enorme.
- Eit grovt anslag som gjeld inntektstap for cruisesensitive bedrifter i Stranda og omegn trur vi er på rundt 500 millionar kroner, seier Berstad Maraak.

Også tap i 2021

Ho trur at situasjonen vil vedvare inn i 2021.
- Vi må også ta høgde for reduserte inntekter neste år.
Så langt har heller ikkje styresmaktene kome opp med tiltakspakkar som kjem hamnene til gode.
Alle hamnene langs kysten taper store beløp ved at cruisetrafikken uteblir.

Mange er usikre

Fleire selskap melder no om at heile 2020-sesongen er usikker, skriv .
- Vi reknar med at store deler av sesongen i år blir rørt og jobbar med å handtere eit inntektsbortfall i Bergen hamn i storleiksorden 30-50 millionar kroner, seier hamnedirektør Johnny Breivik, til avisa.
I fjor var det 600.000 cruisepassasjerer og 325 cruiseanløp til Bergen, medan det i år var forventa 10 prosent auke til 353 cruiseskip og 700.000 passasjerar.
I snitt legg kvar passasjer att 1.200 kroner i Bergen, ifølgje ein analyse frå Menon Economics.
Eit grovt anslag som gjeld inntektstap for cruisesensitive bedrifter i Stranda og omegn trur vi er på rundt 500 millionar kroner

Publisert: 14.04.2020 17:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56