Per Erik Dalen Inger Synnøve Remme Tom Anker Skrede foto Ogne Ålesund Kommune
UROA: Både Åkp-sjef Per Erik Dalen (t.v) og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre-sjef Tom Anker Skrede (t.h.) er uroa over at Inger Synnøve Remme (i midten) ikkje blir erstatta når ho går ut i permisjon. Foto: Ogne Øyehaug/Ålesund kommune
Nytt

Fryktar arbeidet med næringsstrategi er forgjeves

Reiselivssjefen fryktar arbeid blir bortkasta om næringssjefen ikkje blir erstatta, medan ÅKP-leiaren meiner signaleffekten er verst.

30.04.2021

Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre rosar arbeidet Inger Synnøve Remme har gjort i jobben som næringssjef i Ålesund kommune og at kommunen med henne fekk på plass ein næringssjef.

Remme var tilsett i Haram Innovasjon og Næringsforum, før ho tok til som næringssjef i Ålesund då Ålesund, Sandøy, Haram, Skodje og Ørskog gjekk saman i nye Ålesund kommune frå 1. januar 2020.

Denne veka varsla kommunen at Remme får eitt års permisjon frå 1. august i år, og at stillinga som næringssjef truleg ikkje blir erstatta. Remme skal arbeide i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, ein organisasjon som arbeider for å utvikle gründerånd og gi opplæring til elevar og studentar om å etablere og drive bedrifter.

Ny næringsstrategi
Remme har mellom anna hatt ansvaret for å leie arbeidet med å utvikle ein næringsstrategi for Ålesund kommune, og skulle følge opp arbeidet med å sette strategien ut i livet. Strategien skal behandlast av kommunestyret i mai i år.

Les framlegget til næringsstrategi her

- Dersom det ikkje blir nokon som tek over den oppgåva vil det arbeidet kanskje bli bortkasta, seier Skrede.

Samarbeid
Hovudmåla for næringsstrategien er at Ålesund-regionen skal vere attraktiv for eksisterande og nye næringar, vere ein verdskjent, attraktiv og berekraftig reiselivsdestinasjon og der kommunen skal vere ein tydeleg og strategisk samarbeidspartnar og tilretteleggar for næringslivet, utdanningsinstitusjoner og frivillige organisasjonar.

Kommunen er tiltenkt ei aktiv rolle, ifølgje framlegget til næringsstrategi:

Mellom anna skal kommunen, saman med ÅKP, PIR, Innovasjon Norge, Utdanningsinstitusjonar, Framtidslaben og andre aktuelle aktørar, arbeide for entreprenørskap og tilrettelegging av entreprenørskap.

Dette gjelder blant anna etablering av møteplassar, informasjonsutveksling, arrangere kurs og seminar/konferansar, drive kompetanseutvikling og etablere av forsking- og utviklingsprosjekt.

Det overraskar meg viss ho ikkje blir erstatta
Per Erik Dalen

Feil signal
- Ålesund har alltid mangla næringssjef og har no endeleg fått det. Det overraskar meg viss ho ikkje blir erstatta, seier dagleg leiar Per Erik Dalen i ÅKP til NETT NO.

Han meiner signaleffekten er det verste med at Remme går ut i permisjon, utan at kommunen set inn ein annan person som tek over hennar rolle.

- Det er eit dårleg signal til næringslivet, seier Dalen.

Næringsavdeling utan tilsette
Stabsleiar Anne Mette Liavaag for strategi, samfunns- og næringsutvikling i Ålesund kommune, la ikkje skjul på at det vil merkast at stillinga blir ståande ledig i eit intervju med NETT NO tidlegare denne veka.

– At vi held stillinga vakant betyr at ting vil gå meir sakte, og at vi ikkje klarer å følgje opp ambisjonane vi har hatt. Årsaka er den veldig krevjande økonomiske situasjonen kommunen er i, og at det er vedteke stillingsstopp, sa Liavaag.

Ho forsikra at bedriftene framleis vil få tak på folk i kommunen og viste til at dei mellom anna har forvaltningsoppgåver, handtering av næringsfond og oppfølging av gründerar via Hoppid.no-ordninga.

– Men utviklingsarbeidet som Inger Synnøve har representert,, og som mellom anna har sørga for ei dør inn til kommunen, vil nok bli sett på vent, sa Liavaag.

I visjonen for den nye samanslåtte kommunen, har det vore planar om å etablere ei næringsavdeling med fleire årsverk. Førebels er ikkje dette gjennomført, og når næringssjefen tek permisjon i august, har avdelinga ingen tilsette.

Publisert: 30.04.2021 11:27

Sist oppdatert: 30.04.2021 11:54