Ålesund rådhus innfelt lene trude solheim espen remme foto marius 11
BEKYMRA: Administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen og regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal er uroa over at næringssjefen i Ålesund ikkje blir erstatta medan ho er ute i permisjon. Foto: Marius Rosbach/NHO
Nytt

«Bekymringsfullt» om ikkje næringssjefen blir erstatta

NHO Møre og Romsdal og Næringsforeningen Ålesundregionen med varsko.

Marius Rosbach
28.04.2021

NHO-sjefen i Møre og Romsdal og leiaren i Næringsforeningen Ålesundregionen er uroa etter nyheita om at næringssjefen i Ålesund kommune skal ut i permisjon – og truleg ikkje blir erstatta medan ho er ute i anna jobb.

– Etter samanslåinga er Ålesund no midt i ein prosess der dei stakar ut kursen for korleis dei skal legge enno betre til rette for næringsutvikling i kommunen. Det er ikkje bra dersom dette arbeidet blir sett på pause, og kommunen blir utan dedikerte personar i førarsetet, fortel regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal til NETT NO.

Nyoppretta rolle ved samanslåinga
Ålesund hadde ikkje næringsavdeling før Inger Synnøve Remme kom inn i leiarrolla frå årsskiftet 2019/2020. Tysdag melde kommunen at Remme skal ut i permisjon i eitt år frå august.

Sidan Ålesund kommune har tilsettingsstopp grunna økonomiske utfordringar, blir Remme truleg ikkje erstatta i permisjonstida frå august 2021 til utgangen av juli neste år.

- Kommunen er på rett veg når det gjeld samarbeid med næringslivet. Derfor er det bekymringsfullt dersom ingen erstattar noverande næringssjef. Vi vel å tru at kommunen set næringslivet sopass høgt at dei raskt får inn en ny initiativrik person som kan vidareføre det gode arbeidet som er i gang. Om ikkje, så fryktar vi at kommunen tek nokre steg tilbake, meiner NHO-direktøren.

– Ventar at det blir sett inn ressursar
Næringssjef Inger Synnøve Remme uttalte i meldinga at organisasjonen var bygd slik at arbeidet som er starta – og utviklinga blir «teke godt vare på og ført vidare».

Det er ikkje nok til å dempe uroa til administrerande direktør Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen.

– Det siste året er det starta eit godt og konstruktivt samarbeid som ikkje kan stoppe opp. Vi ventar at det blir sett inn ressursar frå kommunen si side i dette arbeidet og kjem til å gå i dialog med kommunen om dette, seier ho til NETT NO.

Ei så stor kommune som Ålesund kan ikkje sette ei så viktig rolle på vent i eit heilt år
Lene Trude Solheim

Solheim meiner det er heilt nødvendig at nokon i kommunen leiar arbeidet vidare, ikkje minst med den nye næringsstrategien i kommunen.

– Ei så stor kommune som Ålesund kan ikkje sette ei så viktig rolle på vent i eit heilt år, legg ho til.

– Inne i eit godt spor
Sjefen for næringsforeininga er ikkje i tvil om at bedriftene i kommunen, har merka at det har kome ein næringssjef. Ho støtter såleis konklusjonen til Inger Synnøve Remme sjølv, om at kommunen har kome langt på denne tida.

– Absolutt, og det er heilt klart at Ålesund kommune har vore inne i eit godt spor. Det er laga ein ny næringsstrategi og det har vore ein betre dialog med bedriftene, seier Solheim.

Næringssjefen har fått permisjon for å vere rådgjevar for Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal – eit tilbod ho følte ho ikkje kunne seie nei til: – Ungt Entreprenørskap eit også viktig satsingsområde i regionen, påpeiker Solheim.

At vi held stillinga vakant betyr at ting vil gå meir sakte, og at vi ikkje klarer å følgje opp ambisjonane vi har hatt
Anne Mette Liavaag

Næringsavdeling utan tilsette
Stabsleiar Anne Mette Liavaag for strategi, samfunns- og næringsutvikling i Ålesund kommune, legg ikkje skjul på at det vil merkast at stillinga blir ståande ledig.

– At vi held stillinga vakant betyr at ting vil gå meir sakte, og at vi ikkje klarer å følgje opp ambisjonane vi har hatt. Årsaka er den veldig krevjande økonomiske situasjonen kommunen er i, og at det er vedteke stillingsstopp, fortel Liavaag til NETT NO.

Ho forsikrar at bedriftene framleis vil få tak på folk i kommunen og viser til at dei mellom anna har forvaltningsoppgåver, handtering av næringsfond og oppfølging av gründerar via Hoppid.no-ordninga.

– Men utviklingsarbeidet som Inger Synnøve har representert, og som mellom anna har sørga for ei dør inn til kommunen, vil nok bli sett på vent, forklarar Liavaag.

I visjonen for den nye samanslåtte kommunen, har det vore planar om å etablere ei næringsavdeling med fleire årsverk. Førebels er ikkje dette gjennomført, og når næringssjefen tek permisjon i august, har avdelinga ingen tilsette.

Publisert: 28.04.2021 05:55

Sist oppdatert: 14.02.2022 14:03

Mer om