NPK-NTB: – Dårleg dyrevelferd og negative effektar av lakselus på vill laksefisk er dei største utfordringane for å oppnå velferdsmessig og miljømessig berekraft, heiter det i rapporten «Risikorapport norsk fiskeoppdrett 2025» frå Havforskingsinstituttet.
Rapporten peikar på fleire uønskte hendingar som kan få alvorlege konsekvensar for næringa.
Sjå presentasjon av rapporten direkte frå klokka 09:00, eller i opptak, her.
Mange fisk døyr
Eitt av funna i rapporten er at produksjonsdødelegheita i norsk oppdrett framleis er svært høg.
Faren for dårleg dyrevelferd hos oppdrettslaks blir vurdert som høg i sju av dei 13 produksjonsområda i Noreg. Det kjem i stor grad av ein trend mot forhøgd produksjonsdødelegheit dei siste åra.
I 2024 vart heile 60 millionar oppdrettslaks rapportert døde eller så svekte at dei måtte kastast. Det er likevel ein nedgang frå 2023, då 65 millionar døydde.
Lakselusproblema blir forverra
Gjennom fjoråret har den negative påverknaden av lakselus på villaks forverra seg kraftig. Den såkalla marine hetebølgja som prega store delar av Noreg i fjor, særleg gjennom sommaren, førte til svært mykje høgare utslepp av lakselus.
– I tillegg til varmt vatn, har matfiskproduksjonen auka i produksjonsområda, og med den eksplosive auken i produksjon av lakselus på grunn av høge temperaturar, hadde oppdrettarane i fleire område ikkje god nok kapasitet til å handtere dette, står det i rapporten.
Lakselus er eit lite krepsedyr som et av huda, slimet og blodet til fisken. Parasitten lever naturleg i havet på den nordlege halvkula.
Laks på rømmen
Tidlegare i februar skapte det overskrifter då oppdrettsgiganten Mowi melde at om lag 27.000 oppdrettslaks hadde rømt frå anlegget i Dyrøy i Troms då ein fiskemerd hamna under vatn.
Men sjølv om oppdrettslaks på rømmen framleis er eit problem, er det ikkje like stor fare knytt til rømming lenger, kjem det fram i rapporten.
Andelen rømd oppdrettslaks i elvane søkk, og derfor har risikoen for ytterlegare genetisk endring hos villaks som følgje av innkryssing av rømd oppdrettslaks, vorte justert ned.
– For lite forsking
Rapporten slår fast at den marine hetebølgja som trefte norskekysten i fjor sommar, viser at klimaendringane påverkar marine økosystem.
Forskarane meiner at det framleis er lite kunnskap om korleis dette kan slå ut for ulike artar og korleis akvakultur og andre menneskelege aktivitetar kan forsterke endringane.
– Mangel på slik kunnskap skaper uvisse og rom for overraskingar, skriv forskarane, som åtvarar om uante konsekvensar.
Inntil meir forsking ligg føre, bør tiltak baserast på best tilgjengeleg kunnskap, konkluderer dei i rapporten.
Publisert: 26.02.2025 08:37
Sist oppdatert: 26.02.2025 09:04






