NTB z u JJG2 T6 SE 1
Nesten halvparten av dei spurde svarer i ei fersk forbrukarundersøking at auka straumprisar er det som skaper mest frykt i 2024. Foto: Paul Kleiven / NTB / NPK
Nytt

Fryktar rentetoppen, dyrare mat og høgare straumprisar

Ein av ti kan bli tvinga til å flytte eller selje fordi renta og husleiga blir for høg.

04.01.2024

NPK-NTB-Steinar Schjetne: Ein av ti kan bli tvinga til å flytte eller selje fordi renta og husleiga blir for høg. Nær halvparten av dei spurde fryktar at matprisen skal auke ytterlegare.

– Matprisar og straumprisar har vore veldig uføreseielege, og det gjer at mange blir urolege. Når du ikkje veit kva maten og straumen vil koste neste månad, skaper det stor uvisse i privatøkonomien, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1 til NTB.

I den siste forbrukarundersøkinga banken fekk teke opp rett før jul, oppgir 47 prosent av deltakarane at dei fryktar endå høgare matprisar i 2024. Nesten like mange, 44 prosent av deltakarane, oppgir frykt for høge straumprisar og 35 er reidde auka renteutgifter skal ramme privatøkonomien i det nye året.

Rentetopp
Renta til folk flest kjem til å toppe seg eit stykke ut i februar. Det er først då den siste renteauken slår inn for fullt i økonomien i hushalda. Noregs Bank har sett opp renta 14 gonger på to år, og vi er no på det høgaste rentenivået sidan finanskrisa.

Med ei styringsrente på 4,5 prosent meiner sentralbanken at gjengs bustadlånsrente skal liggje oppunder 6 prosent.

Til samanlikning vil rentebelastninga – den delen av den disponible inntekta hushalda må bruke til å dekkje renteutgifter – vere den høgaste sidan bankkrisa på slutten av 1980-talet når rentetoppen blir nådd.

– For dei med store bustadlån er det renteutgiftene som svir aller mest akkurat no. Rentene er mykje høgare enn på same tid i fjor, samtidig som vi veit at den siste renteauken i Noregs Bank i desember vil føre til høgare bustadrenter i slutten av februar, seier Gundersen.

Fleire vil få problem
Kvar tiande deltakar – 9 prosent – oppgir at dei er mest redd for at dei ikkje skal klare å betale rekningane som følgje av det auka utgiftsbiletet. 5 prosent fryktar at dei må selje bustaden sin på grunn av høge renter, og like mange fryktar at dei må flytte fordi dei ikkje har råd til husleiga.

– Det er ei velgrunna frykt at alle med bustadlån får endå høgare renteutgifter i år enn i fjor, poengterer Gundersen.

Noregs Bank er førebudd på at låntakarar kan få problem med dei auka utgiftene, men meiner dei aller fleste kjem seg relativt greitt gjennom perioden med den høgaste renta. Renteprognosen tilseier at renta skal ned mot slutten av året.

Kutt
Medan sentralbanken har signalisert eitt rentekutt til hausten, trur ulike prognosemakarar at den økonomiske utviklinga vil tvinge fram større kutt.

Med ei bustadlånsrente på 5,7 prosent viser berekningane til banken at 2 prosent av bustadeigarane ikkje vi ha tilstrekkelege midlar til å dekkje dei nødvendige utgiftene dei støyter på kvar månad. Desse 2 prosenta held om lag 4 prosent av den samla gjelda i hushalda.

– Vi kjenner på ansvaret. At dei avgjerdene vi tek, påverkar økonomien til folk. Det fortel dei oss, sjølvsagt, og vi både veit og forstår at mange er bekymra for at rentekostnadene har auka så mykje at mange har fått ein strammare økonomi, sa sentralbanksjef Ida Wolden Bache til NTB før jul.

Ventar auka kjøpekraft
Samanfatta verkar prognosemakarane å vere samde om at 2024 blir omtrent som dette:

* Vi kan vente oss ein solid lønnsauke, truleg over 5 prosent. Det skal vere nok til at vi endeleg får ein liten auke i kjøpekrafta.

* Rentetoppen er nådd med ei styringsrente på 4,5 prosent. Det tilseier ei gjengs bustadlånsrente rundt 6 prosent når den siste auken slår inn for fullt i privatøkonomien.

* Prisveksten minkar sakte, men sikkert og skal ned til rundt 4 prosent. Utviklinga og tempoet inflasjonen skal ned med, avheng mellom anna av internasjonale forhold, kronekursen og kraftprisen.

* Viss prisveksten har den utviklinga Noregs Bank føreset, kan styringsrenta bli sett ned éin gong mot slutten av året. Men sentralbanksjefen er tydeleg på at renta skal liggje på dagens nivå mesteparten av neste år. Det tilseier truleg ei styringsrente på 4,25-4,5 prosent ved utgangen av 2024.

* Eit ekspertpanel i Dagens Næringsliv går noko lengre og reknar med at styringsrenta skal liggje frå 3,75 til 4,25 prosent ved utgangen av 2024.

Gryande optimisme
Sparebank1s forbrukarundersøking på veg inn i det nye året viser likevel at vi trass alt trur på betre tider: Lønna skal vidare opp, prisane vil stige mindre og rentetoppen er nær. Rett nok viser undersøkinga av nær tre av ti deltakarar er svært eller ganske bekymra for økonomien sin i år, men i sum ser folk mindre mørkt på utsiktene for eigen økonomi no enn for eitt år sidan.

– Det kan ha samanheng med at vi har tru på at det går mot betre tider, at prisane vil stige mindre og at rentetoppen er nær, seier Magne Gundersen.

* 14 prosent trur husstanden får betre økonomi i det nye året, opp frå 12 prosent i fjor.

* 41 prosent trur på dårlegare økonomi, ned frå 50 prosent i fjor.

* 45 prosent trur på uendra økonomi, mot 29 prosent i fjor.

– Vi ser altså ein klar nedgang i andelen som trur på dårlegare økonomi det neste året, samtidig som det er ein svak auke i andelen som trur på ei betring, seier Gundersen.

Publisert: 04.01.2024 10:12

Sist oppdatert: 04.01.2024 12:13