Jan Ivar Maråk Fiskebåt 2022 foto Ogne Øyehaug
MANGLAR ALTERNATIV: Assisterande direktør Jan Ivar Maråk i Fiskebåt fryktar høgare CO2-avgift i kombinasjon med manglande teknologi for å få utsleppa ned. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fryktar dobbel drivstoffpris

Fiskebåt-topp trur berre dei mest lønsame fiskeria vil tåle konkurransen med utanlandske reiarar.

14.02.2023

Med den auka i CO2-avgifta som norske styresmakter har lagt opp til vil norske fiskarar i 2030 betale nesten dobbelt så mykje for drivstoff som sine utanlandske konkurrentar.

Assisterande direktør Jan Ivar Maråk i Fiskebåt presenterte prisprognosen for diesel til fiskeflåten på bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt sitt årsmøte tysdag.

I dag er dieselprisen omlag åtte kroner før CO2-avgift, ei avgift som konkurrentar i andre land slepp.

Med CO2-avgifta er dieselprisen for norske fiskarar no omlag 10 kroner, men i 2030 har den kome opp i 15 kroner på grunn av varsla auke i den norske CO2-avgifta og krav om innblanding av dyrare biodiesel, anslår Maråk.

Så lenge ikkje konkurrentar i andre land får tilsvarande avgiftsauke vil dette vere ei konkurransevridning som gjer at berre dei mest lønsame fiskeria vil tåle konkurransen med utanlandske fiskebåtreiarar.

Manglar erstatning
Maråk sa i sitt innlegg at då avgifta på utslepp av nitrogenoksid (NOX) frå båtmotorane blei innført var det teknologi tilgjengeleg som kunne takast i bruk for å få utsleppa ned.

Det er i hovedsak ikkje tilfelle for CO2 per i dag, og alternativet biodiesel er mykje dyrare enn ordinært diesel.

Trur andre vil kome etter
Det grøne skiftet er ikkje berre noko Noreg skal ha ansvaret for, sa fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap), i sitt svar til Maråk på landsmøtet.

Regjeringa har mellom anna halde oppe ei CO2-avgiftskompensasjonsordning og Skjæran reknar også med at andre land vil kome etter.

- Eg trur ikkje det vil vere sånn at det vil vere ei særnorsk CO2-avgift, sa Skjæran.

Publisert: 14.02.2023 12:10

Sist oppdatert: 14.02.2023 12:20

Mer om