Sveinung Rotevatn
DYRARE: Drivstoff blir dyrare neste år om avtroppande klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn får det som han vil. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aukar CO2-avgifta 28 prosent

Regjeringa gjer drivstoff dyrare. Aukar mest for det minst drivstoffeffektive fisket.

12.10.2021

Avgifta for å sleppe ut CO2 blir auka frå 591 kroner til 766 kroner tonnet i 2022. Det foreslår Solberg-regjeringa i statsbudsjettet for 2022.

Auken er eit steg på vegen mot å auke CO2-avgifta til 2000 kroner tonnet innan år 2030.

Målet er å få ned CO2-utsleppa, mellom anna i fiskeflåten.

- Denne auken er eit kraftig taktskifte i norsk klimapolitikk, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei pressemelding.

Les framlegget her

Auken blir relativt mykje større for fiskeflåten enn for privatbilistar fordi avgiftsnivået for drivstoff til fiskeflåten er lågare og fordi fiskarane delvis får kompensert for avgifta dei betalar inn.

Dobla drivstoffkostnadar
Då regjeringa tidleg i år varsla om den planlagte opptrappinga av CO2-avgifta fram til 2030 ville det betydd ei dobling av drivstoffkostnadane for fiskeflåten.

Etterpå at marknadsprisen på drivstoff stige, slik at det ikkje lenger er snakk om ei dobling, sjølv om kostnadsauken i kroner blir den same.

Utlandet freistar
Fiskarane har hatt ei kompensasjonsordning for CO2-avgifta dei har betalt. Kompensasjonsordninga blir vidareført også i framlegget til statsbudsjett for 2022, slik at den reelle kostnaden på grunn av CO2-avgifta i gjennomsnitt stig frå 52 til omlag 80 øre literen neste år , anslår fagsjef Jan Ivar Maråk i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt. Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten.

Med ei reell CO2-avgift på 80 øre literen utgjer det rundt 10 prosent av drivstoffkostnadane, som er nok til at Maråk trur fleire no blir freista til å fylle drivstoff i utlandet eller til havs, for å sleppe avgifta.

Fangsteffektivitet løner seg
Frå 2020 vart kompensasjonsordninga for fiskeflåten lagt om.

Kort sagt er systemet slik at det belønner kombinasjonen store fangstar og lite drivstoff-forbruk. Dei som går korte turar og fiskar mykje får meir kompensasjon for CO2-avgifta per liter enn dei går lange turar og fiskar lite.

For privatbilistar betyr auka CO2-avgift 41 (bensin) og 47 (diesel) øre ekstra per liter drivstoff skriv VG. Tidelgare har veibruksavgifta blitt redusert for å kompensere for auka CO2-avgift, men det vil regjeringa ikkje gjere denne gangen.

Publisert: 12.10.2021 11:48

Sist oppdatert: 12.10.2021 11:54