Sveinung Rotevatn
TEKNOLOGITRØKK: Klima- og miljløvernminister Sveinung Rotevatn er optimistisk til teknologiutvikling for å redusere CO2-utslepp frå skipsfart og fiske. I dag deltok han på Sjømatkonferansen i Måløy. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rotevatn: God tid til CO2-omstilling

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn meiner fiskarane er blitt varsla i god tid om stigande avgifter på CO2-utslepp.

31.08.2021

I klimameldinga som regjeringa la fram i vinter varsla den gradvis auke i avgifta på utslepp av CO2 fram til 2030. Avgifta skal bli nesten fire gangar høgare, som vil bety omlag ei dobling av drivstoffkostnadane for fiskeflåten - slik den driv i dag.

- Det er ikkje veldig mange rammevilkår for ulike næring som vi gir signal om ti år fram i tid. Eg kjem faktisk på eit einast eitt, så det er i utgangspunktet ein god tidshorisont, seier Rotevatn til NETT NO.

Teknologi-optimist
Han er optimistisk til teknologiutviklinga.

- Særleg innanfor fiskeria så er det no eit vanvittig trøkk for å få installert batteri blant anna, slik at ein får hybriddrift Det er kjempespennande, då kuttar du både drivstoffkostnadane og klimagassutslepp. Og så skjer det mykje spennande på teknologiutviklingsfronten, slik at vi kan ta i bruk både ammoniakk og hydrogen og billegare batteri og dei løysingane vi treng for å få lav og nullutsleppsteknologien på sjøen. Det må vi lukkast med dei neste åra, seier Rotevatn.

NETT NO: - Er det realistisk å nå det målet innan 2030?

-Vi har eit mål om å halvere utslepp frå skipsfarten og fiskeri i 2030. Det er sjølvsagt eit ambisiøst mål, men vi har tenkt å nå det målet.

NETT NO: - Dersom de ikkje når det, kva gjer de då?

- Eg ser det ikkje som noko alternativ å ikkje nå klimamåla til Noreg, fordi det er så viktig at vi klarer å bremse global oppvarming. Ikkje minst er det viktig for fiskeria. Er det noko som er ein trussel mot berekraft i havet så er det den vanvittige oppvarminga og forsuringa vi no ser som skjer på grunn av fossilt drivstoff og utslepp. Då må vi klare å omstille oss. Eg trur også det vil vere ein vanvittig stor fordel for Noreg som havnasjon at vi ligg fremst i grøn skipfartsteknologi. Er det ein ting folk fortel meg når eg er ute på verfta rundt omkring i dei maritime klynge våre no så er det still miljøkrav, ver tydlege som styresmakter, så skal vi klare å levere. Dette er det vi kan konkurrere på og det er viktig for sysselsetting langs heile kysten, seier Rotevatn.

Ikkje auka skattetrykk
Han understrekar og at auka CO2-avgift og andre miljøavgifter skal kompenserast med kutt i andre skattar og avgifter slik at det samlar avgift- skattetrykket for bedrifter og borgarar ikkje aukar.

Om CO2-fond etter mønster at NOx-fondet, slik bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt går inn for seier Rotevatn:

- Eg er for at ein aukar CO2-avgiftene og eg er for at ein kan betale tilbake i form av teknologistøtte og lettelsar skattar og avgifter. Men då er det det som må vere premisset, og mykje av desse CO2-fond -ideane som har vore lansert av ulike har gått ut på at ein ikkje skal auke avgiften, men berre ta dagens avgifter inn i eit fond, og det vil ikkje kutte utslepp.

Publisert: 31.08.2021 15:00

Sist oppdatert: 20.03.2024 10:33

Mer om