Fraa Kleven til toppjobb hos Roekke
FRÅ KLEVEN TIL AKER: Ola Beinnes Fosse (t.h.) sa opp stillinga ved Kleven, og vert no finansdirektør for Røkke-satsinga Aker Horizon. Også verftsdirektør kjetil Bollestad (t.v.) sa opp, men er no tilbake på Kleven. Begge bistod bustyret for å finne ny Kleven-eigar.
Nytt

Frå Kleven til toppjobb hos Røkke

Ola Beinnes Fosse vert finansdirektør i Røkke si grøne satsing Aker Horizon.

17.07.2020
Fredag opplyste Aker at selskapet slår saman oljeserviceselskapa Kværner og Aker Solutions.
Samstundes opprettar Kjell Inge Røkke-kontrollerte Aker det nye selskapet Aker Horizon, som skal satse på fornybarfeltet.

Bistod Kleven-buet

Denne satsinga skal leiast av Kristian M. Røkke, medan Ola Beinnes Fosse vert finansdirektør.
Beinness Fosse kom til Kleven i 2018 etter ein periode som finansdirektør hos Åge Remøy sitt Rem Maritime i Fosnavåg.
Han slutta på Kleven i mai i år, men bistod likevel bustyret med prosessen å finne ny eigar til Kleven etter at selskapet vart slått konkurs.

Sterk tru

Til NETT NO seier Beinness Fosse at han har sterk tru på Røkke si nye satsing innanfor fornybarfeltet.
- Eg vert ein del av eit sterkt miljø med sterk gjennomføringsevne. Eg ser fram til denne reisa.
Aker opplyser fredag at Beinnes Fosse og det nye Aker Horizon-teamet i første omgang får ansvaret for å følgje opp dei to selskapa Aker Offshore Wind og Aker Carbon Capture.
Desse to selskapa utgjer Aker si satsing innanfor havvind og karbonfangst, og planen er at begge skal noterast på Merkur Markets i løpet av august.

Emisjonar

Før børsnotering skal det hentast inn friske pengar gjennom emisjonar.
Aker Offshore Wind har allereie prosjekt under vurdering i USA og Sør-Korea, og ser også på Norge og Storbritannia.
Eg vert ein del av eit sterkt miljø med sterk gjennomføringsevne. Eg ser fram til denne reisa

Publisert: 17.07.2020 12:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00