Det opplyser lufthamnsjef Tor Hånde.
Det er i vinterprogrammet for 2014/2015 at SAS har bestemt seg for å auka antal daglege ruter.
Saman med Widerøe sin daglege avgang til Bergen som starta våren 2014, er det no fem daglege avgangar på strekninga.
- Det auka tilbodet gjer at det no er mykje enklare å reise mellom Ålesund og Bergen når avgangane er betre fordelte utover dagen, seier Hånde. Han samanliknar med sist vinter då det kun var tre avgangar for dag på strekninga.
- Flyet har ein kapasitet på 70 seter, og flyg tre av fire SAS-avgangar til Bergen, og begge avgangane mellom Ålesund og Trondheim.
Det nye ruteopplegget til Trondheim medfører at siste avgang frå Ålesund er sett til kl. 17.50, noko som gir betre muligheiter til dagsturar frå Trondheim til Ålesund.
Det er i vinterprogrammet for 2014/2015 at SAS har bestemt seg for å auka antal daglege ruter.
Saman med Widerøe sin daglege avgang til Bergen som starta våren 2014, er det no fem daglege avgangar på strekninga.
- Det auka tilbodet gjer at det no er mykje enklare å reise mellom Ålesund og Bergen når avgangane er betre fordelte utover dagen, seier Hånde. Han samanliknar med sist vinter då det kun var tre avgangar for dag på strekninga.
Nytt SAS-fly
Hånde opplyser at den auka frekvensen kjem av at SAS har sett inn eit nytt og moderne ATR 72 fly på Bergen og Trondheim frå Ålesund.- Flyet har ein kapasitet på 70 seter, og flyg tre av fire SAS-avgangar til Bergen, og begge avgangane mellom Ålesund og Trondheim.
Det nye ruteopplegget til Trondheim medfører at siste avgang frå Ålesund er sett til kl. 17.50, noko som gir betre muligheiter til dagsturar frå Trondheim til Ålesund.
Det auka tilbodet gjer at det no er mykje enklare å reise mellom Ålesund og Bergen
Publisert: 07.11.2014 14:35
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38