Jarle Gunnarstein fosnavagkonferansen foto Marius
STORT LØFT: Verftsdirektør Jarle Gunnarstein fortalde om investeringane som er gjort ved Larsnes Mek. Verksted dei siste åra under Fosnavågkonferansen torsdag. Ny dokkhall har gitt verftet ein rekke nye kundar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Samla investeringar på kring 600 millionar

– Det har vore eit eventyr, seier verftssjefen om den nye dokkhallen. Det kan også gi innpass i ein heilt ny marknad.

Marius Rosbach
20.06.2025

I løpet av dei siste 15 åra er det investert 540 millionar kroner i anlegget ved Larsnes Mek. Verksted.

Før verftsdirektør Jarle Gunnarstein seier seg nøgd, har dei tenkt til å bruke om lag 50 millionar til på nytt administrasjonsbygg og brakkerigg for innleigde arbeidarar.

Heile anlegget til Sande-verftet har endra karakter etter den siste utbygginga av ein stor dokkhall og det tilhøyrande uteområdet. 

– Det har vore eit eventyr å bygge denne dokka og hallen, fortalde Gunnarstein under Fosnavågkonferansen torsdag. 

– Du slepp vind og regn, og du har vårtemperatur og dagslys året rundt. Det gjer at vi kan jobbe mykje meir effektivt, la han til.

Larsnes mek verksted foto sparebanken vest
NY MARKNAD: Den nye dokkhallen ved Larsnes-verftet er avgjerande for at dei er med i konkurransen om å bygge nye skip til forsvaret. Foto: Sparebanken Vest

Vil samarbeide om å bygge skip til forsvaret
Den 126 meter lange og 24 meter breie hallen er også ein avgjerande årsak til at verftet har inngått eit samarbeid med Ulstein Verft om å bygge nye standardfartøy til forsvaret. 

Det vil i tilfelle vere eit nytt segment for verftet. 

– Det viktigaste no er at vi har kome inn i prosessen og er med.  Planen er at båtene skal være ferdig i 2036, og dette er tonnasje som passar for oss, seier Gunnarstein til Nett No.

Han legg ikkje skjul på at det er spennande tider. I løpet av året vil det truleg bli teke ei avgjerd om kven om får jobben med å bygge 28 nye fartøy i ulik storleik til det norske forsvaret. 

Larsnes Mek og Ulstein samarbeid gruppe pa larsnes foto
SAMARBEID: Representantar frå Forsvarsmateriell og Ulstein Verft på synfaring ved Larsnes Mek. Verksted i samband med konkurransen om å bygge nye standardskip til forsvaret. Foto: Ulstein Group

Dokkhallen har gitt fleire kundar
Dokkhallen har allereie gitt auka aktivitet for verftet på Larsnes og mellom 15 og 20 nye kundar, ifølgje Gunnarstein.

Sidan hausten 2023 har 43 båtar vore inne i hallen og den er stort sett fullbooka resten av året. 

– Vi har ein del ledige veker i haust. Neste år er dokka booka frå januar til mai, legg han til. 

Ordreboka er for augneblinken på kring 1,1 milliardar. I første omgang skal dei bygge ein kombinert båt for snurrevadfiske og bløgging av laks til Myre Kystdrift - og ein ny brønnbåt for hovudaksjonærane i Rostein. 

Sterk dansk konkurranse
Verftssjefen ventar god aktivitet framover – og er ute etter fleire tilsette.

– Vi får spørsmål om bygging av både fiskebåter og litt anna tonnasje, som vi reknar på, seier Gunnarstein. 

Han påpeiker at konkurransen er stor.  

– Vi har to verft i Danmark som er våre største konkurrentar spesielt på fiskebåtar, legg han til. 

Jarle Gunnarstein med dokkhall fosnavagkonferansen foto Marius
MEIR EFFEKTIV DRIFT: Jarle Gunnarstein fortalde at den nye dokkhallen har gitt verftet langt meir effektiv drift då han deltok på Fosnavågkonferansen i regi av Fosnavåg Shippingklubb torsdag. Foto: Marius Rosbach

2024 på nivå med dei siste åra
Inntektene har peika jamt oppover dei siste åra, og verftet hadde driftsinntekter på over 700 millionar kroner i både 2022 og 2023

Også lønnsemda har vore bra, med det verftssjefen meiner er «brukbare» overskot. 

Rekneskapen for 2024 er ikkje klar enno, men ifølgje Gunnarstein vart det eit bra år med ei omsetning på nivå med dei siste åra.

Publisert: 20.06.2025 05:00

Sist oppdatert: 20.06.2025 01:06

Mer om