Frode Johan Aas Oyvind Heggdal foto Marius
TØFF UTFORDRING: Produksjonssjef og medeigar Frode Johan Aas (t.v.) og dagleg leiar Øyvind Heggdal ved Aas Mek Verksted har store vanskar med å få tak i nok fagfolk til verftet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Full ordrebok med bismak

Verft har godt med oppdrag – men det er knalltøft å finne fagfolk til å gjere jobben.

Marius Rosbach
13.01.2025

Aas Mek Verkstad har hatt dei største inntektene og høgaste overskota av  dei lokaleigde verfta på Nordvestlandet dei siste åra. 

Slik blir det ikkje i 2024. Vestnes-bedrifta har likevel ei solid ordrebok framover med fire nye brønnbåtar som skal byggast. 

Men ei utfordring truar lønnsemda for dei nye kontraktane som er hanka inn: Mangel på fagfolk. 

– Etterspurnaden er høgare enn tilbodet for augneblinken. Det er fleire ting som spelar inn. Alt frå svak krone til regelverk er med å påverke tilgjengelegheita av arbeidskrafta, seier dagleg leiar Øyvind Heggdal ved Aas Mek Verksted til Nett No. 

– Vi må opp med timeprisen
Produksjonssjef og medeigar Frode Johan Aas ved verftet fortel at det er stor kamp om å sikre seg arbeidarar. Verftet kan oppleve at dei har folk den eine veka, og den neste er dei vekk. 

For augneblinken skulle han gjerne hatt 20 røyrleggjarar til. 

– Vi må opp med timeprisen. Det er ei veldig auke og gjer at prosjekta blir dyrare. Prisen er satt på dei nybygga som vi har kontrakt på framover. Spørsmålet blir kva vi må betale for folka. Det blir veldig vanskeleg, seier han. 

Vi må opp med timeprisen. Det er ei veldig auke og gjer at prosjekta blir dyrare
Frode Johan Aas

Må by om kapp for å få folk
Per i dag er dei drygt 70 faste tilsette på verftet i tillegg til innleigde arbeidarar.

Arbeidsstokken vil auke jamt og trutt til slutten av året, då det første av fire nybygg kjem til Vestnes. 

– Det er veldig utfordrande, og gir ein liten bismak etter at vi har skrive så mange nybyggingskontraktar. Vi endar opp med å by om kapp for å få tak i nok folk. Det har vi vore nøydd til å gjere mykje det siste halvåret, fortel Aas. 

Håpar på sterkare krone
Ei svak norsk krone gjer at utlendingane får mindre betalt enn tidlegare. Samtidig har mange i austeuropearar opplevd økonomisk oppsving i heimlanda. 

Det har gjort det mindre attraktivt for arbeidsinnvandrar å kome til Norge for å jobbe i verftsindustrien, samanlikna med førre gong bransjen hadde eit oppsving.

– Vi håpar at kronekursen betrar seg utover våren og sommaren, seier Aas. 

Aas Mek Verksted vert foto Marius
TRENG FLEIRE FAGFOLK: Verftsindustrien har sikra seg mange oppdrag det siste året, men fleire slit med å finne fagfolk til å gjere jobben. Foto: Marius Rosbach

Hadde ingen nybygg i fjor
Per no har Aas Mek fire brønnbåtar i ordreboka - to til deira største kunde, Sølvtrans-reiarlaget i Ålesund, og to til nystarta Njord Aquashipping. 

Medeigaren berre smilar på spørsmål om det er fleire kontraktar i kjømda. 

Vestnes-verftet har brønnbåtar som sin spesialitet. Etter at lakseskatten kom på bordet, vart det bråbrems for nye ordrar frå oppdrettsbransjen.

I 2024 hadde verftet difor ingen nybygg, noko som gjorde at omsetninga blei vesentleg lågare enn dei siste åra. 

64 ombyggings- og reparasjonsoppdrag i fjor 
Då verftet stod utan nybygg, vende dei verksemda mot oppdrag som reparasjonar, ombygging og vedlikehald der mange gjerast i tørrdokka.

Fire båtar er inne til arbeid då Nett No er på besøk. I løpet av 2024 hadde dei heile 64 slike oppdrag ved sidan av at dei leverte eit nybygg i april.

– Det er relativt mange oppdrag med stort og smått og viser den dynamikken og fleksibiliteten som er ved verftet, ved at vi snur oss rundt og tar slike jobbar, seier Øyvind Heggdal. 

Høgare kostnader gjer forskotsgaranti viktigare
Fredag var verftet vertskap då Senterpartiet la fram at dei vil gå inn for ei ordning med forskotsgarantiar for verfta. 

Sjølv om Aas Mek har hatt økonomiske musklar til å finansiere nybygg på «eige kappe» dei siste åra, fell innspelet i god jord hos verftssjefen. 

Heggdal påpeiker at det blir stadig dyrare å bygge. 

– Det krev mykje kapital og vi har hatt ei prisstigning som har gitt oss auka kostnader. Det gjer at forskotsgarantiar blir meir avgjerande – og det er viktig kapital, sa han då dei fekk presentert forslaget frå stortingspolitikarane Sigbjørn Gjelsvik og Geir-Inge Lien. 

Publisert: 13.01.2025 05:00

Sist oppdatert: 12.01.2025 16:36

Mer om