Generasjonskifte i Aas Mek Verksted
VESTNES: Det familieeigde verftet Aas Mek. Verksted har vore god butikk dei siste åra med ein driftsmargin på kring ti prosent. Foto: Aas Mek. Verksted
Nytt

Meir enn 90 millionar i utbytte på tre år

Verftet held koken på rekordnivå – men kundane er langt tregare til å bestemme seg.

Marius Rosbach
03.08.2023

Det familieeigde verftet Aas Mek. Verkstad i Vestnes hadde mykje å gjere også i fjor – og tener framleis godt på oppdraga dei utfører.

Rekneskapen for 2022 viser den tredje årsomsetninga over éin milliard – og det andre driftsresultatet over 100 millionar.

Inntektene stoppa i fjor på 1.029 millionar – om lag 11 millionar lågare enn året før. Resultat før skatt enda på 88,7 millionar – også det ligg lågare enn rekordåret 2021 (sjå tabell).

Aas Mek Verksted
Årsresultat (i mill kr)20222021
Driftsinntekter
1.029,5
1.040,9
Driftsresultat
102,7
104,2
Resultat før skatt
88,7
92,9

Har sikra solide utbytter
Fleire gode resultat har gitt rom for solide utbytter frå eigarselskapet Maritime Holding. Etter dei tre rekneskapsåra 2020, 2021 og 2022 er det teke samla utbytte på meir enn 93 millionar kroner.

Eigenkapitalen i morselskapet var framleis på meir enn 244 millionar kroner ved utløpet av fjoråret. Langsiktig gjeld var på 15 millionar.

Frode Johan Aas og Hans Inge Aas er største eigarar i konsernet med drygt 33 prosent kvar av aksjane.

34 oppdrag og tre nybygg i fjor
I løpet av fjoråret hadde verftet 34 ulike oppdrag på ombygging og reparasjonsmarknaden. I tillegg leverte dei tre nye brønnbåtar.

Verftet kontrakt på fire nybygg for levering i år og neste år, og det er venta normal inntening på desse.

Skrogbygginga skjer hos samarbeidsverft i utlandet og det er knytt ein viss risiko ved at leveringa skjer til avtalt tid. Verftet gjer ein omfattande jobb med oppfølging og kontroll for å redusere denne risikoen, heiter det i årsmeldinga.

Usikkerheit gir tregheit i marknaden
Verftet jobbar med prosjektering og tilbod for å sikre byggekontrakt på fleire nye båtar, men kundane brukar betydeleg lengre tid enn før til å bestemme seg.

Årsaka er usikkerheit kring rammevilkåra, ifølgje årsmeldinga.

- Styret vurderer difor marknadsutsiktene til å vere utfordrande, men meg moglegheit for nye byggekontraktar i løpet av 2023, heiter det i årsrapporten.

Publisert: 03.08.2023 14:48

Sist oppdatert: 07.11.2024 15:27

Mer om