Asle Stroeen foto ogne
FULLE ORDREBØKER: Etter eit mager 2022 har norske skipsverft fått fyllt opp orderbøkene i fjor og i år. Dermed treng dei fleire folk og rekruttering er blitt eit viktig tema å arbeid med for administerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Norske verft er oppe av bølgedalen

Ventar over 20 milliardar i nybyggingskontraktar. No er rekruttering blitt eit viktig spørsmål.

24.10.2024

Hittil i år har norske skipsverft offentleggjort 33 nybyggingskontraktar, for tilsaman 17,5 milliardar kroner. Det viser statistikken til sal-, marknadsføring- og bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft.

– Vi forventar at vi bikkar 20 (milliardar kroner, red. merk) seier administrerande direktør Asle B. Strønen om kor stor ordreinngangen blir for skipsverfta innan 2024 er omme.

I 2023 var ordreinngangen 24 milliardar kroner, fordelt på 34 kontraktar.

Uansett korleis det går resten av året, har norske skipsverft hatt eit veldig oppsving dei to siste åra. 

I 2022 var ordreinngangen på berre 6,6 milliardar kroner. Bransjen har også eit oppsving i lønsemda, og gjekk samla sett i pluss i 2023.

Bakgrunn: 

– Vi jobbar iherdig 
Alle oppdraga gjer at rekruttering er blitt ei utfordring. Det blir også tema på Norske Skipsverft sin næringspolitiske dag i Ålesund torsdag. 

Frp-leiar Sylvi Listhaug er blant innleiarane på arrangementet som samlar både bransjefolk og politikarar. 

– Norske verft er oppe av bølgedalen og vi jobbar iherdig med marknaden - og med arbeidsmarknaden, seier Strønen.

Nye skiftordningar
Vard er blant skipsbyggarane med mykje å gjere, og merkar at rekruttering er blitt vansklegare.

– Vi må tenke alternativt - som selskap og som klynge. 

Det sa Vard sin HR-sjef i Norge, Kjetil Clementsen i eit innlegg på Klyngekonferansen i september, om korleis bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet skal klare å rekruttere nok fagarbeidarar framover.

Eitt av alternativa som bør diskuterast i bransjen er å legge om til andre turnusordningar. Slik kan det gjerast meir attraktivt å arbeidspendle til regionen, både fra utlandet og fra andre deler av Norge, meinte han.

Publisert: 24.10.2024 05:00

Sist oppdatert: 24.10.2024 10:42

Mer om