Faar anloep av nyoppussa hurtigruteskip
NYTT NAVN: MS Midnatsol (t.h.) blir MS Eirik Raude når Hurtigruten oppgraderer tre skip. Til venstre ein illustrasjon av nytt fellesområde på skipa som også får hybrid framdrift. 
Nytt

Får anløp av nyoppussa hurtigruteskip

Ålesund og Hjørundfjorden er mellom fleire stoppestader for tre nye hurtigrutecruise som startar i 2021.

Marius Rosbach
27.08.2019
Dei tre hurtigruteskipa får namna MS Otto Sverdrud, MS Eirik Raude og MS Maud når dei er ferdig oppgradert og pussa opp. Hurtigruten der dei framleis er i forhandlingar med verft om kvar arbeidet skal gjerast.
Tysdag slapp reiarlaget ruta for dei tre skipa frå 2021 (sjå heile lista under).
Frå april til september skal MS Maud segle 14-dagers ekspedisjonscruise fra Hamburg, langs norskekysten og tilbake. Då vil skipet mellom anna ha anløp i Ålesund og Hjørundfjorden.
Dei to skipa MS Otto Sverdrup og MS Eirik Raude skal segle året rundt frå Bergen - på 11-dagers ekspedisjonscruise til Honningsvåg og Nordkapp og tilbake til Bergen. Under dette cruiset skal skipa anløpe Ålesund og Hjørundfjorden i perioden mai til september.
Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten seier det både er eit artig og avansert puslespel å velje destinasjonar.
– Norskekysten er ein fantastisk stad. Både i Møre og Romsdal og enkelte andre stader står vi ovanfor det som er eit gigantisk luksusproblem. Det er rett og slett så mange stader vi kan vise fram til verda, at vi må ta nokre val. Av alle vanskelege val, var Hjørundfjorden eitt av dei lettaste, fortel han til NETT NO.

Utfluktar og konsert i Hjørundfjorden

Kommunikasjonssjefen seier Hjørundfjorden er ein spesiell stad for reiarlaget etter anløp i mange år.
– VI har jobba tett saman med lokalsamfunnet der i mange år, og gledar oss til å utvikle reiselivet der enno meir i tida framover. Vi jobbar no saman med lokale aktørar på dei ulike stadene, både i Hjørundfjorden, Ålesund og andre nye og noverande destinasjonar, opplyser han.
Under det 14-dagars sommarcruise til MS Maud skal skipet anløpe Hjørundfjorden i fire timar frå klokka ni. Då er det mellom anna planlagd at cruiseturistane kan gå på konsert i kirka på Sæbø.
MS Otto Sverdrup og MS Eirik Raude skal vere i Hjørundfjorden heile sju timar på sine anløp. Då kan passajserane reise til Urke eller på fjelltur.
Fleire andre utfluktar er også under utvikling, ifølgje Ege.

Les også:


Til Ålesund på alle cruise

Ålesund er einaste hamna, saman med Bergen og Brønnøysund som får besøk under alle dei nye cruiserutene.
På sommarruta og vinterruta til MS Otto Sverdrup og MS Eirik Raude stoppar skipa i fire timar frå klokka åtte om morgonen.
MS Maud anløper Ålesund klokka halv fire om ettermiddagen og segler etter tre og ein halv time på sommarruta. På vinterruta kjem MS Maud klokka elleve og vert liggjande i fem timar.

I tillegg til kystruta

Den nye cruisesatsinga frå Hurtigruten kjem i tillegg til kystruta med 34 stopp mellom Bergen og Kirkenes. Her skal reiarlaget segle med sju skip i framtida. Som kjend har det vore utlyst konkurranse på ruta - og Havila Kystruten skal segle fire skip på strekningen.
Dei oppussa skipa vil også få hybrid framdrift, slik at dei kan segle utan utslepp på delar av seglasane.
– I alle år har vi blitt kontakta av destinasjonar som drøymer om anløp av Hurtigruten. No har vi fleire skip og større fleksibilitet. Difor kan vi endeleg gjere det både vi og stader langs heile kysten har hatt lyst til å gjere i årevis; ta med oss gjestar frå heile verda til enno fleire av dei heilt unike destinasjonane langs norskekysten, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten i ei tysdag.

Les også:



Sjå reiserutene for skipa under
Bergen – Nordkapp – Bergen (11 dager)
Mai-SeptemberMS Otto Sverdrup/MS Eirik Raude
BergenÅlesundBrønnøysundStokmarknesRisøyhamnTromsøHonningsvågHavnnesSvolværReineTrænaTrondheimHjørundfjordenBergen
Bergen – Nordkapp – Bergen (11 dager)
Oktober – AprilMS Otto Sverdrup / MS Eirik Raude
BergenÅlesundBrønnøysundReineSvolværTromsøHonningsvågAltaNarvikSandnessjøenKristiansundMoldeFjærlandBergen
Hamburg – Nordkapp – Hamburg (14 dager)
April - SeptemberMS Maud
HamburgCuxhavenBergenMoldeKristiansundBrønnøysundReineSvolværTromsøHonningsvågFinnsnesBodøTrondheimHjørundfjordenÅlesundStavangerHamburg
Dover – Nordkapp – Dover (14 dager)
Oktober - MarsMs Maud
DoverBergenMoldeKristiansundBrønnøysundReineSvolværTromsøHonningsvågFinnsnesÅlesundStavangerCalaisDover

Publisert: 27.08.2019 14:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38