Stranda hamnevesen får kjøpe ferjekaia på Hellesylt av Møre og Romsdal fylkeskommune for 4,2 millionar kroner. Det vedtok fylkesutvalet i sitt møte tysdag kveld.
Ifølgje salsavtalen bør eigarskifte vere gjeldande frå 1. januar 2026 som mellom anna gir hamnevesenet rett til å inngå avtaler for bruk av kaia frå og med neste år.
Fordi dialogen med hamnevesenet om salet har gått føre seg heilt til slutten av november, har det ikkje vore tid til å handsame saka i andre utval tidlegare, blir det opplyst i saksutgreiinga.
Saka skal til endeleg avgjerd hos fylkestinget, men det var eit samrøystes fylkesutval som gjekk inn for salet.
Behov for store oppgraderingar
Ei kartlegging av tilstanden til kaia viser at det er behov for betydelege opprusting av anlegget som er bygd på 1970-talet.
Det blir understreka at det er stor usikkerheit om tilstanden og risiko for «store reparasjons- vedlikahalds- og ombyggingskostnadar».
I rapporten gjort av Norconsult på oppdrag for Stranda hamnevesen kjem det fram at kan vere behov for investeringar på kring 3,5 millionar kroner dei neste 8 til 10 åra.
For å sikre nok kapasitet ved ferjekaia vidare, blir det skissert to ulike alternativ for oppgradering med ein prislapp på høvesvis 12 og 22 millionar – utan moms.
Årleg leigeinntekt på kring 500.000
Ved salet går fylkeskommunen glipp av årlege leigeinntekter på kring 500.000 kroner. Samtidig slepp dei drift- og vedlikehaldskostnader på eit tilsvarande beløp – og rekninga for oppgraderingane.
Eiendomsmegler 1 har gjort ei verdivurdering av eigedomen for å sikre at kaia blir selt til marknadspris.
I salsavtalen blir det påpeika at eigedomen blir selt som den var då kjøparen var på synfaring og hamnevesenet ikkje kan vise til manglar i ettertid.
Publisert: 10.12.2025 05:00
Sist oppdatert: 09.12.2025 23:49






