Stranda Hamnevesen arbeider med planar om flytekaier med plass til to store hurtigbåtar samstundes, ei i Geiranger og ei i Hellesylt.
Flytekaiene skal vere så store at dei også tener som molo og skaper ei lun hamn innanfor seg. I tillegg får dei rom under kaidekket med plass til toalett og andre servicefunksjonar.
Håpar på avklaring før jul
Styreleiar Per Erik Dalen i Stranda Hamnevesen presenterte planane på Bra By-konferansen i Ålesund måndag.
Han vil førebels ikkje gå ut med eit kostnadsanslag, før styret i Stranda Hamnevesen og kommunestyret i Stranda har handsama forslaget. Håpet er at kommunestyret får saka på sitt bord før jul.
Batteribank i Geiranger
Dei nye kaiene blir bygd fordi det allereie i dag er eit behov for auka kaikapasitet i Geiranger og Hellesylt. Men først og fremst er det for å dekke eit auka behov i framtida, ifølgje Dalen.
-Vi må ha skikkeleg mottakskapasitet om vi skal få trafikk frå land til sjø, seier han.
Opprustning av kraftforsyninga til Geiranger gjer at hamnevesenet planlegg ein batteribank i tilknytning til ladeanlegget, slik at hurtigbåtar og andre kan fylle på batteria i Geiranger.
Publisert: 25.11.2024 12:03
Sist oppdatert: 25.11.2024 12:32