Førstkomande torsdag blir ein merkedag for Kongsberg Maritime. Då tek selskapet skrittet ut av Kongsberg-konsernet og blir notert som eige selskap på Oslo børs.
– Dei fleste tilsette vil ikkje merke noko endring i kvardagen, fortel Johnny Aarseth til Nett No.
Han er del av toppleiinga i selskapet, samtidig som han er øvste leiar for verksemda med kring 1200 tilsette på Nordvestlandet.
– Det skjer heller ingen endring i strategien eller lokasjonane våre som følgje av dette, og Nordvestlandet vil vere like viktig som før, legg han til.
Kongsberg Maritime på Nordvestlandet
Kongsberg Maritime er mellom dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet. I 2025 omsette selskapet for drygt 27 milliardar og hadde eit driftsresultat på over 4 milliardar.
Frå 23. april blir selskapet notert som eige selskap på Oslo børs og skilt ut frå Kongsberg-konsernet.
På Nordvestlandet har Kongsberg Maritime nær 1200 tilsette. Dei er fordelt med drygt 340 på NMK i Ålesund, kring 370 tilsette i Ulsteinvik, om lag 230 i Brattvåg, 110 tilsette i Hjørungavåg og 80 tilsette på Longva.
– Ein litt anna kvardag
At selskapet går frå å vere del av ein større konsernstruktur, til å bli eit frittståande selskap, er ei endring som i større grad vil merkast på «toppen». Mellom anna møter dei nye krav frå omverda.
– For oss i konsernleiinga blir det ein litt anna kvardag. Vi får andre krav til openheit og rapportering som eit eige børsnotert selskap. Vi vil ha meir dialog med investorar og serve marknaden med det dei treng av opplysningar, seier Aarseth.
Dei vil også bli primærinnsidarar, som gjer at dei må ta andre omsyn enn før.

– Mange investormøter om dagen
Ei anna endring frå tidlegare er typen investorar selskapet møter.
– Det skjer mange investormøter om dagen. Medan vi tidlegare møtte investorar som var interessert i både forsvarsmarknaden og maritim sektor, er det no investorar som kjem fordi dei er utelukkande interessert i den maritime bransjen, seier Aarseth.
Utviklinga i børsverdien vil han ikkje spå noko om.
– Det får vere opp til investorar og analytikarar å verdsette oss og planane vi har framover. Eg tippar at alle som har aksjar i Kongsberg Maritime er spent på den utviklinga, legg han til.
Vil legge fram mål på kapitalmarknadsdag
Kongsberg Maritime vil halde fram eit tett samarbeid med Kongsberg-gruppa der det er naturleg, samtidig vil dei vere konkurrentar på nokre område.
Toppsjefen for selskapet på Nordvestlandet har stor tru på at Kongsberg Maritime uansett vil halde fram å vekse på eigne bein. Han viser til at det er eit stort behov for fornying i verdsflåten, samtidig som det skjer store endringar med auka digitalisering og nye krav til drivstoff og utslepp.
– Vi har vekstambisjonar - og både maritim sektor og transport på sjøen er forespeila å vekse framover, seier Aarseth.
Konkrete mål vil han ikkje ut med i dag, men fortel at det kjem snart.
– Vi skal ha ein kapitalmarknadsdag i juni. Då vil vi kome med nokre tal, seier han.

Ventar vekst i forsvarsmarknaden
Leveransar til forsvarsmarknaden og militære skip er eit område selskapet ventar vil vekse framover.
– Rundt 12 prosent av ordreinngangen vår kjem allereie frå forsvarssegmentet, og det er ein betydeleg del av verksemda og vekststrategien, seier Aarseth.
Nyleg blei det kjent at Kongsberg Defence and Aerospace og Salt Ship Design skal designa dei standardiserte skipa til det norske forsvaret. Snart skal verft og utstyrsleverandørar konkurrere om sjølve byggeoppdraga. Det er oppdrag Kongsberg Maritime har til hensikt å vere med på.
Toppsjefen si «høyre hand»
Eit av grepa som blir gjort i samband med «skilsmissa» frå konsernet, er at toppsjef Lisa Edvardsen Haugan får ei «høyre hand» i med base i Ålesund. James Poulton skal inn i den nyoppretta rolla.
– Eg skal rapportere til Lisa og støtte arbeidet til leiargruppa, fortel Poulton, som reknar med å pendle ein del mellom Sunnmøre og Austlandet.
Haugan har sitt faste kontor i Kongsberg, men vil også bruke ein del tid i Oslo der dei opnar kontor i Støperigata – eit lokale Kongsberg også har nytta tidlegare.
Poulton er mellom dei som har vore i selskapet i ei årrekke og starta i 2003.
Han er ikkje i tvil om at han likar betre den norske forretningskulturen med mindre hierarki som kom inn med Kongsberg Gruppen sitt oppkjøp i 2019, enn slik det var då selskapet heitte Rolls-Royce Marine.
Kongsberg-krona forsvinn frå logoen
For augneblinken er det ein hektisk periode med førebuingar til børsnoteringa komande torsdag.
Samtidig blir det jobba med profilering og logo, som vil bli lansert før sommaren. Det er allereie klart at den klassiske Kongsberg-krona forsvinn frå logoen.
– Eg trur ein del er spente på kva slags endringar det blir på det området, seier Aarseth.
I desse dagar er det også ein rekke praktiske ting som skal på plass. Mellom anna brukar dei tid på å bli kjent med sitt nye styre som blir leia av Per Arthur Sørlie.
Publisert: 20.04.2026 05:00
Sist oppdatert: 19.04.2026 19:14






